Gå til sidens hovedinnhold

Misfarga vatn i springen på Løkkemyra

Artikkelen er over 2 år gammel

Torsdags kveld skal det ha vore misfarga vatn i springen til bebuarane i Løkkemyra. Dette skulle vise seg å vere ufarlig.

Avdelinga for vann og avløp i Kristiansund kommune var i området i går for å spyle leidningane etter at det har vore stort vassforbruk i det siste, og Frode Gjesstad frå avdelinga meiner det er det som har forårsaka misfarginga.

– Det kan ha kome frå spyling av vassleidningar i går. Vi gjorde tiltak i området då det har vore stort vassforbruk i det siste. Når leidningane blir spylt kan det lausne partiklar på innsida av leidningane, dette kan ha forårsaka misfarginga, seier Gjesstad.

Gjesstad forsikrar også om at det ikkje er snakk om plastpartiklar.

– Det er ikkje farleg, men det det er bra å la vatnet renne til det blir klart igjen før ein bruka det, seier Gjesstad.

Kommentarer til denne saken