Chris Tvedt har opparbeidd seg ein stor lesarskare med sine krimbøker, og vil snakke fritt rundt korleis ein krimforfattar arbeider med stoffet sitt.
Tvedt arbeidde som advokat fram til han heller fann ut at han skulle bli forfattar. Han skriv rettssaldrama i særklasse og den noko lurvete advokaten Mikael Brenne har vore ein gjennomgangsfigur i åtte av kriminalromanane.
Gjennombrotet kom med «Rimeleg tvil», den første boka til Tvedt som kom ut i 2005. «Formildende omstendigheter» (2019) er så langt den siste i rekka, ei bok Stavanger Aftenblad meiner var av fjorårets aller beste norske krimromaner.
Tvedt skriv også ein anna krimserie, om den pedantiske Kripos-etterforskaren Edvard Matre, og har i tillegg nokre ungdomsbøker på rullebladet.
Det er, som alltid på biblioteka, gratis inngang.