Gå til sidens hovedinnhold

Krev fylkeskommunen ut av Møreaksen

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Møre og Romsdal fylkeskommune er ein av dei største eigarane i Møreaksen as. Når 68% av innbyggjarane ikkje ynskjer Møreaksen, må fylket snart begynne å lytte til folket.

Enda verre blir det, når Møreaksen as sin daglig leiar Harald Espeland presterar på uforståeleg vis, å forsøke å sverte meiningsmålinga ang fjordkryssing av Romsdalsfjorden som er utført av det seriøse selskapet Norstat.

Dette er så greinalaust useriøst av eit selskap som Møreaksen as, at fylket må krevje sine millionar som er i selskapet attende, og heller bruke pengane på billigare ferjer eller asfalt.

At fylkeskommunen skal stå bak og vere medeigar i Møreaksen as burde ikkje vere lovleg, og slett ikkje når dette er i sterk strid med folkets vilje i heile fylket.

Frp og underteikna kjem til å fremje framlegg i fylkesutvalget og til fylkestinget snarast, der vi krev at Møre og Romsdal fylkeskommune trekker seg ut som medeigar i Møreaksen as umiddelbart.

Les også

Møreaksen: – Fylkeskommunen utøver sitt eierskap gjennom generalforsamling og eiermøter

Les også

Møreaksen og svarene fra fylkesordføreren: Brukbar strategi, dårlig manøver

Les også

Er dette ok opptreden fra Møreaksen?

Kommentarer til denne saken