Gå til sidens hovedinnhold

Kreativ hobbyaktivitet i Bøfjorden

Innsendt bidrag

Kunst, litteratur, bakst og ein flora av husflidsprodukt fylte museet i Bøfjorden søndag. Dagen dokumenterte mykje kreativt hobbyarbeid i bygda.

Lokalet dufta herleg av bollar, skulebrød og flettaloff frå «bøkkerkråa,» der søstrene Nora og Gunnhild Vetleseter Bøe hadde stor omsetning av heimebakst. «Nonnons Bakelsgraut» og «Mamens Ripsgele» gjekk også unna.

Gjertrud Heggem stilte ut eigne akvarellar og oljemåleri. Med stor oppfinnsomhet, stø teknikk og fint avstemt fargebruk imponerer ho stadig. Mange av hennar kunstverk vart med fornøgde kjøparar heim etter museumsdagen.

Kari Bøklepp, Gunnvor Bøe, Grete Jonli og Kirsten Baadnæs Bøe la fram frodig produksjon av strikkavarer. Utan tvil blir både grytelappar, lestar og selbuvottar å finne i pakkane under årets juletre!

Med 12-15 titlar la Bernt Bøe la fram det meste av sin bokproduksjon innan lokal skipsfart, idrett, seterkultur, skule- og kyrkjehistorie. Historielaget årbøker, eventyrhefte og dialektsamling var også på «hobbysalg».

Gunhild Bøklep Bøe og Johanne Holten sørga for kaffe, kaker, graut og bakels til dei mange frammøtte.

Dertil viste Johanne eit imponerande utvalg av strikka kofter, genserar og barnekjolar. Ei spontan mannekengoppvisning utløyste allmenn applaus og sette fart i salget av hennar forseggjorde handverksprodukt.

I finveret var det få barnefamiliar på museet denne dagen. Men om det såleis vart lite av «vippe jeppe» og andre leiketradisjonar, var hobbydagen ei triveleg mønstring av kreativitet og dugnadsånd.

Kommentarer til denne saken