Kraftlaust av regjeringa

Stortingspolitiker Fredric Holen Bjørdal (Ap).

Stortingspolitiker Fredric Holen Bjørdal (Ap).

Av
DEL

LeserbrevKraftindustrien står overfor ei alvorleg krise og bed om hjelp, men høgreregjeringa sit passiv. Det er respektlaust overfor hardtarbeidande folk og familiar i lokalsamfunn som Sunndal, Årdal og Svelgen. Det er i tillegg dårleg klimapolitikk og avslører manglande forståing for kva industrien betyr for landet vårt samla sett, og for distrikta spesielt.

I Arbeidarpartiet vil vi sikre den kraftforedlande industrien likeverdige konkurransevilkår med resten av Europa. Vi vil ha industriinvesteringar i Noreg, og straumprisen er den desidert høgaste produksjonskostnaden. Det betyr mange millionar for enkeltbedriftene. Diverre støttar ikkje regjeringa framlegget vårt som hadde kome industrien i møte.

Dei siste tre åra har industrien sine kostnader ved å vere tilknytt straumnettet auka betydeleg. Prisutviklinga svekkjer grøn, norsk industri si konkurransekraft, og trugar arbeidsplassar og verdiskaping over heile landet. Arbeidarpartiet sin politikk hadde gitt investeringar, sikra arbeidsplassar og styrka grøn industriproduksjon tufta på rein norsk vasskraft. Eit kinderegg, om ein vil. Men nei – høgrepartia har fleirtal for tida, og stikk hovudet i sanden.

Vi har hatt fleire møte med representantar for prosessindustrien, blant anna om koronaen og krisepakkane. Dei ber alle om det same: reverser prisauken slik at norsk industri får same konkurransevilkår som resten av Europa. Det er kva industrien treng, i tillegg til at det blir ordna opp i CO2-kompensasjonsordninga. Men høgreregjeringa lyttar ikkje, og nyttar ikkje si eigarmakt i Statnett, som no vil innføre ein flat rabatt på nettleiga på 50 %. Det held ikkje. Storforbrukarar som den kraftforedlande industrien må få ein rabatt som er på linje med det slike bedrifter har i Tyskland og Frankrike (inntil 90 %). Og det må vere like vilkår over heile landet.

Arbeiderpartiet er bekymra for at kostnaden for kraft frå nettet er i ferd med å setje ein stoppar for både ny og eksisterande industri. Industrien må sikrast stabile rammevilkår over tid. Kraftkrevjande industri sørgjer for klimavennlege arbeidsplassar og verdiskapning over heile landet. Då må vi styrke industrien i ein vanskeleg periode, ikkje svekke han. Noreg treng desse bedriftene og arbeidsplassane.

Koronaen har i seg sjølv sett eksportindustrien i ein vanskeleg situasjon. Passiviteten i møte med kraftprisutfordringa, kjem som ei ekstra bør. Vi kan ikkje sitje stille og sjå på at norsk, grøn industri mistar konkurransekraft og at investeringane går til andre land.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags