Kortslutning, konspirasjonsteoriar og selektive minne

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Eg viser til Rasmus Rasmussen sitt innlegg i TK.nett den 19.11.20 under tittelen «Valderhaugs omveier - i en rundkjøring.»

La meg først seie at det var ei morosam og oppfinnsam overskrift, jamvel om eg ikkje vedgår noko rundgangsargumentasjon!

Sitat: «Valderhaug argumenterer altså for Romsdalsaksen, med utgangspunkt i et fellessykehus for Nordmøre og Romsdal på Hjelset, som han er imot. Jeg anbefaler Valderhaug å bestemme seg om han er for eller mot et fellessykehus på Hjelset. Hvis han er mot SNR på Hjelset, kan han ikke argumentere for veiløsninger med begrunnelse i SNR på Hjelset.«

Dei aller fleste vil vel forstå at eg ikkje kan rekne med at SNR på Hjelset ikkje vil bli bygd, anten eg er imot det eller ikkje, og at eg derfor argumenterer ut ifrå to ulike løysingar, at Hjelset sjukehus blir bygd eller at eit sjukehus blir bygd eksempelvis på Eikrem. At dette er sjølvmotseiande, som Rasmussen hevdar, er ei kortslutning.

Rasmussen hevdar at raskaste veg for pasientoverføringar frå Eikrem vil vere Møreaksen. Frå Eikrem vil køyretida til Ålesund sjukehus bli om lag den same med Møreaksen som med Romsdalsaksen. Utfordringa med trafikken aust for Molde sentrum er ikkje avklart, og med bytrafikk med tidvis kø, nedsette fartsgrenser og rundkøyringar i eit bu- og rekreasjonsområde kan dette skape hindringar både for ambulansar og annan trafikk via Møreaksen. Så denne påstanden til Rasmussen er i høgste grad usikker og unyansert. Og ja, med Møreaksen må trafikken gå gjennom tettbygd strøk, uansett om start- eller sluttpunktet er Hjelset eller Eikrem. Dette er eitt av dei mange argumenta for Romsdalsaksen, og gjeld all slags trafikk, med størst negativ effekt for tungtransporten.

Fråverandre utgreiing

Rasmussen forsøker så å «prove» at eg tar feil når eg hevdar at fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal er ei løysing få primært ynskjer. I velkjend stil drar han fram historiske «fakta».

Kva nordmøringar og romsdalingar har gått inn for historisk, med fråverande konsekvensutgreiing og kvalitetssikring av ein fellessjukehusmodell, er ikkje svar på dette spørsmålet. Eg uttalar meg om kva nordmøringar og romsdalingar ynskjer primært i dag, når ein ser klårare kva dette alternativet inneber. Det er eg overtydd om ikkje er eit fellessjukehus på Hjelset. Dei fleste nordmøringar ynskjer primært å oppretthalde sjukehuset i Kristiansund. At lokaliseringa av fellessjukehuset medverkar til dette er åpenbart, men slett ikkje heile årsaka. Dei fleste romsdalingar ynskjer primært eit sjukehus i eller nærare Molde, særleg om dette skulle bli eit sjukehus primært for Romsdal. Det betyr ikkje at mange i Molde ikkje aksepterer fellessjukehuset på Hjelset som det nest beste, og eit fullgodt alternativ for seg sjølv.

Heller god enn rask

At ei flytting eller endra status på nyesjukehuset vil forseine byggjeprosessen forstår vel alle. Kor mykje er det mange av oss som ikkje kan spå om. Men som sagt: Eg vil heller ha ei god løysing enn ei rask løysing.

At nordmøringane ynskjer å betre flaskehalsen forbi Gjemnes treng ingen å tvile på. Korleis vegutbetringar blir prioriterte i ein del av fylket vårt med mange vegmessige utfordringar, ikkje minst inn mot Kristiansund, og i kva fora dette kjem til uttrykk, er noko eg ville vere forsiktig med å kritisere før eg hadde full oversikt over grunngjevinga. Du er på feil villspor om du antydar at nordmøringar ikkje vil utbetre det viktige vegstykket mellom Kristiansund og Molde for ikkje å fremje nyesjukehuset på Hjelset. Vi skyt oss ikkje sjølv i foten på Nordmøre, som du antydar! I ein uttale frå Nordmøre Interkommunalt Politisk Råd (IPR) nyleg, med kristiansundsordførar Neergaard i spissen, ber dei Statens vegvesen om at vegstrekninga E39 Astad-Bjerkeset i Gjemnes vert omtalt i Nasjonal transportplan for å kome i gang med reguleringsarbeidet, og argumenterer med at «staten som veieier for både E39 og riksvei 70 tar ansvar for god framkommelighet og økt trafikksikkerhet til nytt sykehus for alle innbyggere som sykehuset skal betjene.» Har du ikkje fått med deg dette, Rasmussen, eller er det uttrykk for selektivt minne?

På kollisjonskurs

At du tar Sunnmørsposten som sanningsvitne på at ein på Sunnmøre ikkje ynskjer drift på to sjukehus på Nordmøre og i Romsdal trur eg du skal ta med minst ei klype salt. Sunnmørsposten er på kollisjonskurs med sunnmøringane i viktige saker, t.d. aksesaka.

At eg nemner rollene til Vatnan har ingenting med konspirasjonsteoriar å gjere. Dette klargjer roller i dagens situasjon, og reduserer grunnlaget for konspirasjonsteoriar i mitt hovud. Men einskilde ser konspirasjonar i det meste, som du gjorde overfor Bunadsgeriljaen frå første stund.

I striden om sjukehusa blir det sagt ting som både er velfunderte og mindre funderte. Eg trur at ting vil gå seg til og normalisere seg når støvet har lagt seg, uansett kva resultatet blir. Så eg trur du skal la vere å piske opp stemninga unødvendig i så måte. Det tener ingen. At vi to er usamde om det meste i sjukehussaka og aksesaka er vel slik det skal vere, og vil vere slik i all framtid.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken