Koronakrisa og «dei svakaste blant oss»

«Dei svakaste blant oss» er menneske som har stor verdi for seg sjølve, og som òg har stor verdi for andre, anten som son eller dotter, kjæraste, far eller mor eller som anna familie eller nær, skriv Jenny Klinge.

«Dei svakaste blant oss» er menneske som har stor verdi for seg sjølve, og som òg har stor verdi for andre, anten som son eller dotter, kjæraste, far eller mor eller som anna familie eller nær, skriv Jenny Klinge.

Av
DEL

MeningerKoronakrisa herjar kring oss alle på ulikt vis. Midt oppi dette er eg oppteken av korleis vi omtalar dei som blir ramma verst – dei som blir sjukast og dei som døyr som følgje av viruset covid-19. For dette er ein sjukdom som ikkje rammar folk tilfeldig eller likeins, men som særleg går laus på folk med underliggjande sjukdommar og eldre menneske. Dette er til trøyst for dei som er rimeleg unge og som ikkje har sjukdommar frå før, men desto meir dramatisk blir det jo for dei som er i risikogruppa – og for deira pårørande.

Eg har sjølv vakse opp med ei kronisk lungesjuk mor som til tider var veldig sjuk. Eg veit derfor kva det er å vera ordentleg redd for å miste ein nær familiemedlem. Derfor merkar eg at eg reagerer når nokon seier at «sjukdommen er jo eigentleg ikkje så alvorleg, det er jo berre dei som er sjuke frå før som koronaviruset er farleg for». For det første er det ikkje berre det – det finst døme på friske, yngre folk som blir hardt ramma, sjølv om dette er eit veldig lite mindretal. For det andre er det jo ikkje «berre-berre» med dei som har underliggjande sjukdommar og som er eldre heller. Dette er menneske som har stor verdi for seg sjølve, og som òg har stor verdi for andre, anten som son eller dotter, kjæraste, far eller mor eller som anna familie eller nær ven.

Vi blir alle oppmoda om å vise solidaritet og prøve så godt vi kan å unngå å spreie smitte. Som helseminister Bent Høie seier, dette er ein innsats vi skal gjera «for dei svakaste blant oss». Denne ordbruken er ikkje noko eg blir støtt av, for eg forstår godt kvifor statsråden bruker omgrepet «dei svakaste» i denne situasjonen. Eg forventar heller ikkje at Høie skal forklare nærare kva han meiner, men eg ønskjer likevel sjølv å understreke at «dei svakaste blant oss» i høg grad er eit omgrep knytt til denne aktuelle smittesituasjonen. Dei underliggjande sjukdommane som mange i risikogruppa har, gjer dei ikkje til «svakare» menneske enn oss andre i mange andre situasjonar.

Om nokon har diabetes og er korrekt medisinert og får oppfølging, kan jo vedkomande leva eit langt liv og fungere godt på veldig mange vis. Det skulle vera unødvendig å seie dette, men eg trur det er greitt at vi minner oss sjølve på at omgrepet «dei svakaste blant oss» no i koronakrisetider er mykje situasjonsavhengig. Dersom eg måtte tene til livets opphald ved å plukke jordbær, hadde eg med min rygg vore ein av dei svakaste blant oss, for å seie det slik …

Dei neste vekene og månadene får vise oss korleis dette utviklar seg. Eg håpar vi står saman om å avgrense smittespreiinga. Då gjer vi det sjølvsagt mest for dei som er mest sårbare for viruset, som eg meiner er eit godt alternativ til å seie «dei svakaste blant oss».

Når eg meiner det er verdt å tenkje over korleis vi omtalar sjukdommen og dei som blir ramma, er det ikkje fordi eg ønskjer å hengje ut andre for ordbruk eg sjølv ikkje meiner er optimal. Det er fordi eg trur folk i risikogruppa vil setje pris på at flest mogleg av oss ikkje omtalar dei som «berre» og at vi viser forståing for at folk i risikogruppa òg er veldig mange ulike menneske - med sine styrker og svakheiter som alle oss andre. Akkurat no er dei meir sårbare enn elles, og då står vi saman om å verne dei mot smitte så godt vi kan. Men òg for å verne dei av oss som ikkje er i risikogruppa, men som faktisk også kan bli ramma av viruset.

(Først publisert i Panorama, nettavisa til Høgskolen i Molde).

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags