Gå til sidens hovedinnhold

Korleis blir offentleg pensjon dei komande åra?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Pensjonane har lenge vore underregulerte samanlikna med lønsutviklinga. Etter drøftingar mellom regjeringa, sentrale pensjonistorganisasjonar og hovudorganisasjonane i arbeidslivet, har regjeringa bruka styringsrett og ei eiga reguleringsforskrift. Pensjonistane som gruppe ha tapt over 8 milliardar kroner, eller om lag 8.800 kroner kvar i gjennomsnitt på reguleringsforskrifta dei siste seks åra. Det er no forhandla fram ein budsjettavtale i Stortinget som vil gje mindre underregulering neste år.

Skilnaden er at tidlegare har regjeringa lagt til grunn at veksten for pensjon skal underregulerast – 0,75 prosent av lønsauke for dei yrkesaktive, medan ein neste år skal legge til grunn snittet av løns- og prisvekst. Det var denne 50/50-fordelinga Stortinget la til grunn da pensjonsreforma blei vedteken, ikkje den tekniske faktoren -0,75%. Tapet vi syner til over er skilnaden mellom dei to måtane å regulere pensjonsveksten på. Samanlikna med gjennomsnittleg lønsvekst for yrkesaktive har pensjonistane tapt enno meir i inntekt enn dei 8 milliardane. Dei økonomiske utsiktene og berekningane for 2021 viser sterk prisvekst. Det kan bli eit magert tariff-år for lønnstakarane, og enda dårlegare for pensjonistane om ikkje reguleringsforskrifta no vart endra.

Pensjonistrådet i Utdanningsforbundet Møre og Romsdal håpar at forbundet vil nå fram med politikken landsmøtet vedtok i 2019. Landsmøtet utfordra da pensjonsreforma frå 2011 og vedtok mellom anna: «Utdanningsforbundet vil arbeide for at løpende pensjoner ikke underreguleres og at arbeidstakerorganisasjonene får forhandlingsrett i trygdeoppgjøret».

Kommentarer til denne saken