Kontrafaktisk sjukehushistorie og eit tredje alternativ

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Debattantane Guvåg, Rasmussen og Sundsbø; dei tre brusar seg opp over innsatsen til Bunadsgeriljaen i måndagens RB (og på tk.no).

Eg har ikkje bunad, men eg har sagt: Stopp Hjelset, og bygg litt etter kvart i Kristiansund og Molde!

Dei tre kallar det meiningslaust å prøve å stoppe bygginga av Fellessjukehuset SNR på Hjelset. Dei finn at striden gjeld 20 minutt. Tør dei teste det på folk som bur på Smøla?

Dei tre vil gje SNR meir medisin i form av pengar, og skriv om marknadspris for å bygge SNR.

Viss vi skal rekne om prisen på helse til marknadspris, då kjem marknadsliberalismen til å ta full styring av helsevesenet vårt. Då har dei tre debattantane verkeleg fått eit USA-liknande helsevesen i Norge.

Det trur eg ikkje at dei tre brushanane vil ha for sine etterkommarar.

Tenk om ingen hadde kome på ideen om SNR, og at vi no hadde rykka attende til start. La meg då gje eit nytt innspel; eit tredje alternativ:

Stopp Hjelset no. Bygg smått og godt i Kristiansund og Molde no. Legg ned i Volda. Rust opp Ålesund, og løft standarden og tilboda i Ålesund til forsvarleg regionalt nivå og standard for heile fylket.

På det viset kan vi få ein slutt på at Trondheim skal grave til seg både pengar og pasientar frå Møre og Romsdal.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken