Sunndal kommunestyre vedtok 27. april i år eit oversendingsforslag frå Halvard Hagen, sak 17/22, der administrasjonen skulle lage eit forslag til formannskapsmøtet 2. juni, om ei kompensasjonsordning for høge gjødselprisar.

Sunndal formannskap vedtok 2. juni, med mindre endringar, administrasjonens sitt forslag til kompensasjonsordning, sak 44/22, og sende saka til kommunestyret. Pengane, opp til 1,1 million kroner, skulle takast frå disposisjonsfondet (gammalpæng).

Sunndal kommunestyre vedtok 15.juni, sak 37/22, med 20 mot 7 stemmer formannskapet si innstilling til kompensasjonsordning.

Vedtaket var i kortheit;

- Pkt 1 (dobbelt opp)

«Dersom økte kostnader til gjødsel blir fullkompensert i jordbruksforhandlingene, trekker Sunndal kommune ordningen i sin helhet.

- Pkt 6 Dersom årets jordbruksforhandlinger ender opp med en fullkompensasjon for de økte gjødselkostnadene slik at gårdbrukerne får dekt sine økte utgifter gjennom en statlig kompensasjon, fell Sunndal kommune si kompensasjonsordning vekk».

- Pkt 2

«Tilskuddsgrunnlaget blir inntil kr 2,- eks. mva. pr. kg. kunstgjødsel, da av overskytende kilospris over kr. 7,- eks. mva, inntil kr. 50 000,- eksklusive merverdiavgift per foretak

- Pkt 3. Kostnader dokumenteres og legges ved søknaden med kopi av faktura/bilag for innkjøpt gjødsel i perioden fra 25.11.2021 da de høye prisene kom, frem til og med 31.06.2022. Gyldig gjødselplan skal vedlegges.

- Pkt 4. Søknader behandles samlet og svar på søknader samt overføring av midler utføres senest innen 10.08.2022

Til innstillinga i kommunestyret var det retningsliner med fleire tidsfristar, som;

«- Søknadsfrist settes til 15. juli 2022»

Kompenserte ikkje fullt ut

I det siste kommunestyremøtet 21. september, stilte eg eit skriftleg spørsmål, 9/22, om korleis det hadde gått med gjødslinga.

«Kompenserte jordbruksforhandlinga for dyr kunstgjødsel, kor mykje er betalt ut, kor mange har fått og kor store er dei minste og største teskotta?»

Kommunedirektøren svara; «Landbruksoppgjøret kompenserte ikke fullt ut for økte gjødselkostnader. Totalt kom det inn 38 søknader, og av disse ble støtte innvilget til 32 søkere. Avslag ble gitt til de som fikk beregnet tilskudd på under kr 3.000. Det laveste tilskuddet er kr 3.000 - og det høyeste er kr 50.000. Det er totalt innvilget og utbetalt kr 375.000»

Full kompensasjon

Jorbruksoppgjeret var i år historisk godt. Det vart gjeve full kompensasjon for kostnadsauken på gjødsel, og eit tillegg for å minske inntektsgapet til andre i løna arbeid.

Eg var derfor ikkje nøgd med svaret frå kommunedirektøren, og har fått innsyn i grunnlaget for påstanden om manglande kompensasjon. Eg har og lese om gjødsel i postlista og funne mange andre avvik frå vedtaket i kommunestyret.

Bondelaget skreiv 30. mai i bladet sitt;

«Jordbruksavtalen kompenserer kostnadsveksten i 2021/2022 ut over forutsetningene i forrige jordbruksoppgjør og tilleggsforhandlinger. Det er også full kostnadsdekning for 2023».

Kommunen var 3. juli i kontakt med Simen Solbakken i Bondelaget og fekk utgreiingar om jordbruksoppgjeret.

Svaret startar med; «Som avtalt sender jeg over noen vurderinger. Disse vurderingene må ikke brukes som «fasit» for en eventuell kommunal støtteordning».

Endra av administrasjonen

I postlista fann eg at retningslinene for gjødselstøtte som kommunestyret hadde vedteke, vart endra av administrasjonen 3. august. Søknadsperioden vart utvida, søknadsfristen vart forlenga, oppgjersfristen vart forlenga og det hadde komme inn ei grense for minste støttebeløp på 3000 kr.

I postlista fann eg frå utrekningane at fraktkostnadane og var rekna inn. Søkjarane hadde ført opp kiloprisen til leverandøren. Kommunen tok med frakta, som ikkje var ein del av vedtaket.

Godkjend gjødselplan som var ein føresetnad for støtte, hadde ingen levert og kommunen hadde heller ikkje etterlyst ho.

Har ikkje gjort som kommunestyret vedtok

For meg ser det ut som at administrasjonen ikkje har gjort som kommunestyret vedtok. Jordbruksoppgjeret kompenserte fullt ut for kostnadsauken på kunstgjødsel. Grunnlaget for i det heile å betale ut noko, var ikkje der. Retningslinene som kommunestyret vedtok, er endra utan godkjenning frå kommunestyret.

Den kommunale overgjødslinga har kosta kommunen 375.000 kr, samt mykje unødvendig sakshandsaming.

Eg vil be kontrollutvalet sjå på gjødselhistoria.

Det skal vere ryddigheit i forvaltinga.


Peikarar

Kommunestyret 27. april https://opengov.360online.com/Meetings/sunndal/Meetings/Details/269731

Formannskapet 2.juni https://opengov.360online.com/Meetings/SUNNDAL/Meetings/Details/269745

Kommunestyret 15. juni https://opengov.360online.com/Meetings/sunndal/Meetings/Details/269732?agendaItemId=202904

Kommunestyret 21. september, spørsmål https://opengov.360online.com/Meetings/sunndal/Meetings/Details/269751?agendaItemId=203080

Bondelaget 30.mai https://www.bondelaget.no/bondelaget-mener/jordbruksoppgjoret/jordbruksoppgjoret-2022/slik-blir-kompensasjonen