For to år sidan skreiv eg eit innlegg med same overskrifta. Spørsmålet er kanskje minst like aktuelt no som då.

Maktmenneske, teknologigigantane, kapitalkreftene og massemedia styrer ved å skape frykt. Frykt står i eit dualistisk forhold til kjærleik. Kjærleik er utan frykt og frykt er utan kjærleik.

Mi undring går difor ut på om FN sitt klimapanel er instruert til å bruke digitale modellar som skal gi eit resultat som passar inn i ein fryktkultur.

Eg kjenner til årvakne observatørar som registrerer at sola om våren og sommaren står høgare over horisonten enn for 10 til 20 år sidan. Det tyder på at jorda sin akse har ein noko endra bane rundt sola enn tidlegare. Det er difor truleg at solsystemet er inne i ein syklus som medfører endring i klimaet uavhengig av menneskeleg aktivitet. Om dette er tilfelle vil ein også kunne observere endringar på andre planetar i vårt solsystem. Med den teknologiske utviklinga vi ser innafor romforsking skulle ein vente at eit sanningssøkjande klimapanel fokuserte på utfordringa med å finne svar på slike spørsmål.

Utan å ty til utfordringa med klima bør oljeproduksjonen likevel ned på sikt. Store mengder olje blir brukt til produksjon av plast som hamnar i havet som mikroplast. Mykje olje blir også brukt i den farmasøytiske industrien til å produsere syntetiske medikament som er i disharmoni med menneska sin frekvens. Etter å ha passert lever og nyrer går dei kjemiske produkta i kloakken for seinare å bli oppmagasinerte i dei marine næringskjedene. Slik blir alt levande i havet medisinert med syntetiske oljederivat.

Også mennesket sin frekvens er i endring etter kvart som jorda sin Schumann resonans aukar. Difor må det medisinske paradigmet gjennomgå ei endring slik at behandling kan skje på basis av mennesket sine frekvensar. Då er kjærleiksfrekvensar sentrale i motsetnad til fryktfrekvensar.

Heilt frå Nikola Tesla si innovative forsking på fri energi har menneska hatt kjennskap til at energi kan vera tilgjengeleg utan naturinngrep og ureining. Dette har systematisk vore sabotert av teknologigigantane fordi det berre ville tene jorda og folket, men ta lukrative inntekter bort frå finanseliten.

Når byradikale miljøteoretikarar vil ofre norsk matproduksjon fordi dei heller vil ha import av syntetiske matvarer, ja, då manglar miljødebatten fullstendig jordkontakt.