Gå til sidens hovedinnhold

– Kjem til å føre med seg ei massiv nedlegging av mjølkebruk

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I 2034 er det krav om at alle storfe skal vere i lausdrift. Over halvparten av mjølkekyrne står no i båsfjøs. Ombygging og nybygging til lausdrift av desse fører med seg eit investeringsbehov på over 20 milliardar kroner. Dette kjem til å føre med seg ei massiv nedlegging av mjølkebruk. Møre og Romsdal Bonde-og Småbrukarlag krev at Noreg skal ha same krava som i EU, krav om lausdrift berre ved nybygg, og at ein kan bygge båsfjøs til under 16 kyr også etter 2034. Vi støttar kravet om at det skal vere kalvingsbinge og lufting av kyr på båsfjøs frå 2024.

Inntekta i jordbruket må opp på reellt industriarbeidarlønnsnivå. Budsjettnemda for jordbruket må bruke reelle tal når dei bereknar inntekta. Det må vere økonomi og lønsemd i å drive små og mellomstore bruk. Investeringstilskot må i større grad kanaliserast til slike bruk. Nedlegginga av bruk må stoppast, produsentmiljøet forsvinn. Sjølforsyninga må opp på minst 50%, utan importert for. No har vi lavare sjølforsyning enn Japan og India.

Vi må få tilbake tak på støtteordningane. Kvoteordninga for mjølk må reviderast. Kvotetaket må senkast frå 900 000 liter til 450 000 liter, men ikkje med tilbakeverkande kraft.

Nedskriving av pris på kraftfor må vekk, no er kraftforet billegare enn grovfor. Då må tilskot til grovfor og beite prioriterast. For dei første 150 da må det gjevast mest tilskot, og ein må vurdere pyramidetilskot for grovfor. Sau og storfe er drøvtyggarar som kan nytte meir grovfor. Ytinga pr ku går då ned, noko som gir fleire kalvar, betre helse for kyrne og større kjøtproduksjon.

Les også

Dyrevelferd i norske fjøs

Les også

Trenger ingen omkamp om løsdrift

Les også

Løsdriftskrav på overtid

Les også

Omkamp om løsdriftskravet er eneste løsning

Tilskotet til mjølkekyr av dei norske landrasane må aukast monaleg, talet på mjølkekyr av desse rasane minkar raskt. Små kyr beiter meir effektivt, registrering utført av TINE har vist at kyr av Vestlandsk fjordfe tar opp like mange foreiningar i utmark pr. kg levandevekt som NRF tar opp på kulturbeite.

Det må gjerast eit krafttak for å få opp lønsemda i sauehaldet. Tilskota til små og mellomstore sauebruk må opp, så dei får ei inntekt til å leve av. Norsk Bonde-og Småbrukarlag har fått gjennomslag for eit pyramidetilskot i mjølkeproduksjonen. Ei liknande ordning må innførast i sauehaldet. No når marknaden ser ut til å kome i balanse, må prisen på lam og sau raskt opp. Arbeidet med å fremje sal må prioriterast i alle ledd. Fokus på lokal mat på lokale fornybare ressursar.

Det må på nytt innførast mål for økologisk jordbruk, 20% av den dyrka jorda må drivast økologisk i 2025. Dette må gjerast for å demme opp for importen, som aukar raskt. TINE må pressast til å hente økomjølk over heile landet, f.eks. får ingen på vestlandet levere økologisk mjølk no. Økologiske småskalaprodusentar med grønsaker, frukt og bær o.l. må få høgare tilskot. Det same må andelslandbruk få, dei skaper forståing mellom bønder og forbrukarar

Sau, geit og storfe på kulturbeite og i utmark held vedlike gamalt kulturlandskap. Over heile landet går slikt kulturlandskap tapt. Ein monaleg auke i beitetilskot er naudsynt for å hindre dette. Seterdrift er landbruket sitt beste utstillingsvindauge. Talet på setrar er no under 800, som er meir enn ei halvering på 20 år. Dette er ein driftsmåte som berre kan drivast av mindre og mellomstore bruk, og mister vi fleire av desse bruka står vi i fare for å miste ein tusenårig tradisjon. Det må gjevast meir tilskot til seterdrift, og det må gjevast investeringstilskot til restaurering av gamle og bygging av nye setrar.

Talet på rovdyr må ned, Stortinget må halde seg til dei vedtekne bestandsmåla.

Kommentarer til denne saken