Men for å ta det positive med gråvêret først: kinoen hadde to fulle hus med «Minions: Historien om Gru» i helga, og det blir difor ekstra framsyningar resten av denne veka. Første sjanse for å få med seg filmen er allereie tysdag 5. juli kl. 18, og så blir den vist på dag og kveld seks gongar til i dagane etter.

Onsdag kl. 20 er det premiere på «Thor: Love and Thunder». Nok ein film i Marvel-universet, og denne gongen sentrert rundt tordenguden Thor.

«Elvis» er siste film på repertoaret, og den går som dagkino tysdag 5. juli kl. 13. Surnadal kino må, grunna ferieavvikling, halde stengt i dei to siste vekene av juli.