Gå til sidens hovedinnhold

Kampen om Møreaksen

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

8. august las eg på facebook at gravemaskinar er observert i eit området der Møreaksen er tenkt å starte, som eit vorspiel på bygginga.

Eit stort fleirtal av folket i fylket er imot, og saka er enno ikkje ferdigbehandla i transportkomiteen på Stortinget.

Helge Orten(H) er køyrt fram som leiarkandidat der. Han må vel vere inhabil i ei slik rolle, når eit stort fleirtal av innbyggarane i fylket hans er imot? Orten prøver no tydlegvis å få namnet sitt på kartet som Møreaksens grunnleggar midt i valkampen? Slik prøver han å vinne innpass hos sterke kapitalkrefter i fylket, og gir blaffen i folkeviljen.

Yrkessjåførane har også sagt klart frå at dei ikkje ønsker milevis med køyring i undersjøiske tunnlar, når alternativet er matpause på ein av Noregs vakraste fjorar.

Er dette kampen om Haramsfjellet ein gong til? Politikarar og rettsvesen som arrogant trassar både ei sterk folkemeining og lovleg sakshandsaming, for å sette kapitalkreftene sine interesser i fokus?

Ved Stortingsvalet 13. september har du ei av fleire muligheiter til å påverke utfallet av panane om Møreaksen, ved å stemme på eit parti og ein kandidat som du veit er imot. Er du usikker på kva 1. og 2. kandidaten din meiner, ta ein telefon, eller skriv ein sms og spør dei direkte kva dei meiner.

Birgit Oline Kjerstad, førstekandidat på SV si Stortings-liste, seier NEI til Møreaksen. «Trygge kvardagsvegar, fleire grøne bussar og ferjer-nei til Møreaksen og Hafast,» står det i ein valbrosjyre som Møre og Romsdal SV deler ut i desse dagar.

Ifølgje meiningsmålingar har Birgit Oline Kjerstad ein reell sjanse på utjamningsmandatet og ein plass på Tinget.

Nei til Møreaksen, stem SV!

Kommentarer til denne saken