Sigrid er glad for at Sjømannskyrkja bestilte dette innslaget til årets julemesse, som må sendast via nett på grunn av dei innskjerpa smitteverntiltaka i Tyskland.
– Dette er min kjæraste julesong, ei lokal perle som eg har vakse opp med, sier ho.
– Eg bidrar gjerne til at den blir presentert også i Berlin og Tyskland!
Sigrid og mannen Erik Rosenius har siste halvåret vore engasjerte i Sjømannskyrkja i Berlin. Ho har vore musikalsk medarbeidar medan Erik, med utdanning som både operasongar og organist, har hatt kantorfunksjon i kyrkjelyden som samlar folk frå mange nasjonar i den tyske storbyen.
«Czardasfyrstinnen»
Parallelt med innstudering av nye songroller har Sigrid sia starten av november arbeidd frå heimekontor i Bøfjorden. I februar er ho å finne på Kristiansundsoperaen. Der syng ho tittelrolla Sylva Varescu i Kalmans «Czardasfyrstinnen».
Det er sett opp ni forestillingar av operaen som startar med premiere 4. februar. Men forholda denne gongen inneber sterkt begrensa publikumstal.
- Alle billettane forvann på ein time, fortel czardas-fyrstinna frå Bøfjorden!
Til Stockholm
På nyåret flyttar Sigrid, Erik og dottera Augusta (3) til Stockholm, der dei har kjøpt seg bustad. For Erik blir det å «flytte heim» - og til ny jobb ved Stockholmsoperaen.
I søndagens opptak av «Julverset» hadde Sigrid tonefølgje av pappa Bernt på orgelet i Åsskard-kyrkja. Slik blir den vakre nordmørske juletonen å høre og sjå i nettsendinga frå Sjømannskyrkja på sjølvaste høgtidskvelden.