Innsendt bidrag: Truleg hadde vi ikkje satsa på jule- og nyttårshelg i Spania dersom vi i september 2021 hadde visst kva årsskiftet ville føre med seg av auka covid 19-smitte, omikron og nye restriksjonar og reguleringar av reiseverksemda mellom land. Men i september såg det meste lyst ut: vi pensjonistane hadde fått sprøyter, og helseministeren hadde opna for «one night stand» og det han vurderte som gode utsikter.
Men også i slutten av desember gjekk det greitt å reise frå Trondheim til Malaga, så lenge ein hadde munnbindet, reisedokumenta og dei digitale helseopplysningane på plass. Også mottakinga i Malaga var lett å gle seg over, i fint ver, bortimot 20 varmegrader – og med god plass på buss og hotell. Malaga er ein by lengst sør i Europa som har satsa enormt på turisme frå heile kontinentet. Og sjølv om innanlandstrafikken synest å ha halde seg oppe, har talet på turistar frå England, Frankrike, Tyskland, Nederland og Skandinavia gått tydeleg tilbake. Og dei er viktige på heile Solkysten.
Kryssande konfliktlinjer
Spania er eit stort turistland, som ventar at turistane snakkar eller les spansk. Så derfor er det ikkje så lett for alle å få med seg alt frå nyheitssendingane. Munnbindpåbodet vart stramma inn like før jul, og det var litt diskusjon om 1 eller 2 meter, og om kor absolutt munnbind-kravet skulle vere ute og inne. Like før jul vart det og bestemt at vi måtte vise koronasertifikat før vi fekk slippe inn på spisestader. Det synest som om spanjolane flest aksepterte det som vart bestemt, og at styresmaktene hadde god kontroll og rimeleg høg tillit. Det er elles imponerande, så mange kryssande konfliktlinjer som finst i spansk politikk og også internt i det spanske sosialdemokratiske partiet som no har statsministeren og dominerer regjeringa. Viktige konfliktlinjer går mellom heilskapstenking og sentralmakt i Madrid - og ulik grad av regionalt handlingsrom i dei 17 regionane, og mellom offentleg og private løysingar og betre reguleringar i arbeidslivet. Interessant å registrere var det t.d. at frå Catalonia, den økonomisk sterke regionen i nordaust, kom det sterke protestar mot at regjeringa ønsker at alle ungane i skolen skulle ha minst 25 % spansk-språkleg undervisning. I Catalonia ønsker mange mindre spansk og meir katalansk. Det er ikkje berre i Noreg vi har språkdebatt! Verd å merke seg var og bodskapen frå statsminister Pedro Sanchez nyleg om at regjeringa ville arbeide for å få bort prostitusjonen, «som gjør slaver av kvinner i landet vårt.» Ein FN-rapport har peikt på at Spania er eit av landa i verda med mest prostitusjon. Store TV-reportasjar vart sjølvsagt vist frå øya La Palma, der vulkanutbrotet i haust m.a. hadde øydelagt over 1300 heimar, i tillegg til driftsbygningar, matjord, vegar etc.
Andalucia, den sørlege regionen som Malaga er nest største by i, er ein stor region, men samtidig den fattigaste, med størst arbeidsløyse, lågast inntekter, og mest mangfoldige befolkningsunderlag. Her er spora mange etter fønikarar, romarar og den nesten 600-årige perioden frå 700-talet då Spania vart styrt av arabarar, og her er befolkninga blanda av dei opphaveleg andalusiske folkegruppene, i tillegg til arabarar, jødar, sigøynarar og afrikanarar. Jamleg kjem båtflyktningar over Middelhavet, og på TV-sendingar kan ein sjå at mange mister livet på havet.
Den flottaste julegata?
Malaga har dei siste 10-åra gjennomgått ei stor endring frå å vere ein viktig industriby til ein by som satsar på kultur og turisme. Eit viktig symbol på dette er den store og sentrale Lario-gata – som har blitt gågate, og som i vekene rundt jul står fram som kanskje den flottaste julegata i heile Spania. Folk strøymer til frå eit vidt område kvar kveld for å oppleve det imponerande lys- og lydshowet – og i avisene kan vi lese om den store duellen som har blitt mellom Malaga og byen Vigo i nord (i Galicia) om å ha den flottaste julegata. Vel 10 millionar kroner brukar byen årleg på lysgata, og den engelskspråklege turistavisa kan fortelje at Andalucia er vinnar uansett, for firmaet frå Andalucia som står bak lyset og lyden og som har mange månaders arbeid kvart år, har oppdraget både i Malaga og Vigo! - Og på jule- og nyttårsgudstenestene i den flotte Malaga-katedralen syntest det ikkje vere grenser for deltakinga – i alle fall kunne vi telje mellom 200 og 250 deltakarar, med prestar, kor og orkester. Men munnbindet måtte vere på plass!
Om å reise «i mistenksomhetens tidsalder»
Samtidig kan ein etter ein slik tur ikkje unngå å tenke på åtvaringa frå professor Thomas Hyland Eriksen om det å reise «i mistenksomhetens tidsalder». På flyplassane er sidan siste århundreskifte bygd opp eit enormt apparat for å hindre at folk drar med seg sprengstoff eller våpen på flya, og til og med ei buksespenne i metall utløyser pipande signal og ofte alvorleg tilsnakk. Og no fører frykta for koronasmitte til krav om munnbind, digital kompetanse og teknologi som fungerer for t.d. koronasertifikat, og lange køar for testar på dei flyplassane som har greidd å organisere det, slike som på Gardermoen då vi var på veg heim. Dei medreisande er «ikke lenger en venn du ikke kjenner, men en trussel.» Gleda ved å reise over landegrensene er i ferd med å bli sterkt redusert av lange køar og meir stress.