I 2022 blir det klart korleis inntektene på norske gardsbruk kan trappast opp. No i julemånaden desember har difor dei dyktige leiararane i Bondeopprør 21 grunn til å juble.

Folkevalde er tvinga i rett retning og minner oss om optimisme og politisk gjennomføringsevne under tidlegare bondeopprør. Mange som har vakse opp på gardsbruk les meldingane om dette med glede.

Forverra levekår

Også vi som flytta ut og aldri vende attende frå byen registrerer med vantru forverra levekår i landbruket. Stadig dyrare energi, kunstgjødsel og maskiner har knust mange eldre og yngre bønders investeringslyst. Jamvel reknemåten for kva bønder tener verkar riv ruskande urimelege!

Litt overraskande slit også bruk som i norsk samanheng blir rekna som store, ja nær sagt alle som gir oss herleg mjølk og produserer sunn norsk mat.

Lys i tunellen

Alle som arbeider i landbruket har grunn til å vere fortvila, men det er von om lys i tunellen.

Vi er inne i ei tid med hard politisk strid om økonomiske vilkår for gardsdrift. Kampen mot levekårsforskjellar er i ferd med å bli jobb nr 1 i by og bygd.

På Stortinget er det no politisk fleirtal for at bondens arbeid må verdsetjast. Men det hastar med å sikre både småbrukarar og bønder bærekraftige inntekter per årsverk!