Gå til sidens hovedinnhold

Jubileum hausten 2021: «Skule for gåverik landsungdom ...»

KRONIKK

Refleksjonar i høve skolejubilea ved Meldal videregående skole og Surnadal vidaregåande skole hausten 2021


Sjølv om skolehistorie for tida ikkje synest å vere nokon populær vitskap – ut frå kva ein generelt kan finne på heimesidene til dei ulike vidaregåande skolane, blir vi likevel i desse dagar mint om dei store endringane som har skjedd dei siste 2-3 generasjonane når det gjeld utdanningskrav og utdanningstilbod i landet vårt. Det gjekk langt inn på 1900-talet før det var andre enn nokre svært få utvalde som fekk opplæring ut over ein 7-årig «folkeskole». Og det var lenge sjølvsagt at vidaregåande opplæring måtte skje i ein by; det var til dømes ungdomslagsrørsla, mållaget og Venstre-partiet som frå 1916 fekk gjennom Stortingsvedtak om oppretting av landsgymnas, med Orkdal landsgymnas frå 1923 som det eldste i vårt distrikt. Og store delar av næringslivet var lenge skeptisk til at staten skulle engasjere seg i yrkesopplæringa, men enkelte nøkkelpersonar og bedrifter, som t.d. Orkla Grube på Løkken, såg i mellomkrigstida behov for meir utdanning innanfor enkelte fagområde. Og då arbeidarrørsla kom i posisjon frå 1935, kom det like før krigen ein nasjonal plan for yrkesopplæring, som vart iverksett frå 1946, og m.a. førde til etablering av yrkesskolar både i Sunndal og på Løkken. Både Sunndal videregående skole og Meldal videregående skole på Løkken kan som kjent feire 75-årsjubileum i haust.

Vidaregåande skolar

Frå slutten av 1960-talet var det igjen tid for ei «overhaling» av opplæringssystemet. Den 7-årige grunnskolen var utvida til 9 år, og mange såg behovet for at større del av ungdomskullet fekk sjansen til vidare skolegang. Det dreidde seg om gymnas, yrkesskolar, handelsskolar, husmorskolar, husflidsskolar, landbrukssskolar og sjømannsskolar – som alle vart samordna under paraplyen «vidaregåande skolar» i 1974. Ei utfordring var det likevel at det var stor skilnad på kven som fekk eit 3-årig opplæringsløp, t.d. dei fleste gymnaselevane, og dei ungdommane som berre fekk eitt år, og svært få fekk læreplass. Ei anna utfordring var at det var strenge inntakskrav til mange av tilboda. Langt utover 1980-talet fekk t.d. fleire hundre ungdommar kvar sommar i Møre og Romsdal – og dei fleste andre fylka – brev om «Ikkje plass til deg i vidaregåande opplæring.» Og lenge vart det rekna som sjølvsagt at elevar med spesielle behov, t.d. Downs syndrom, ikkje hadde krav på noko vidaregåande opplæringstilbod frå samfunnet eller skattebetalarane.

Men utover på 1980-talet kom det etter kvart krav om at fylka skulle sette av ein liten prosent med skoleplassar til ungdom med spesielle behov. Ei utfordring då var sjølvsagt at læreplanane ikkje var tilrettelagt med tanke på denne elevgruppa, i tillegg til at dei vidaregåande skolane mangla lærarar med spesialpedagogisk kompetanse. På 1980-talet var det t.d. berre ein lærar i vgs i Møre og Romsdal som hadde spesialpedagogisk utdanning. Det vart då sist på 1980-talet sett i gang eit stort nasjonalt etterutdanningsopplegg i spesialpedagogikk, «Muligheter for alle?» med tanke på at alle skolane skulle ha eit visst fundament på dette området.

Opplæringsplass til alle

Men først og fremst galdt det lenge å auke kvantiteten på opplæringstilbodet, slik at alle skulle få sjansen. Frå rundt 1970 hadde det vakse fram ei rekke nye vidaregåande skolar, og det er desse som no fyller 50 år. Surnadal vgs var ein av dei. Den kom i gang hausten 1971, då med hovudvekt på økonomiske fag. Dei fleste av desse nye skolane vart kombinerte skolar, dvs. dei fekk tilbod innanfor fleire studieretningar. Fleire skolar følgde etter Surnadal, til dømes Kyrkjesæterøra vgs og Oppdal vgs. Enkelte kommunar såg for seg at det skulle bli ein vidaregåande skole i kvar kommune, og nokre parti tenkte også i den retning. Men då såg dei nok helst på vidaregåande skolar som «gymnas», med hovudvekt på teorifag, og nokså lik ungdomsskolane. Eit slikt tilbod ville ikkje gi grunnlag for ei god yrkesfagopplæring, m.a. med tanke på dei krava som der måtte stillast til fagkompetanse og spesialutstyr. Dei vidaregåande skolane til dømes på Smøla og i Aure på Nordmøre, som begge vart etablert som eigne skolar i 1980, viste seg snart å vere for små når ungdomskulla minka og kvalitetskrava i opplæringa vart større.

Slutten på 1980-talet var ei tid med stor ungdomsarbeidsløyse, og stram kommune- og fylkesøkonomi. Det vart i stort tempo oppretta statsfinansierte «ekstraklasser». Og statsråd Gudmund Hernes i DNA-regjeringa 1990-97 var den store pådrivaren for å sikre at desse pengane gjennom Reform -94 vart sikra for opplæringssystemet til nok opplæringsplassar innanfor vidaregåande opplæring rundt om i fylka, og til å sikre opplæringsretten for kvar enkelt ungdom. Denne reformen er etter mi vurdering den største som har skjedd innanfor vidaregåande opplæring i etterkrigstida. Og spesielt viktig vart reformen for yrkesfag-opplæringa, m.a. med mange nye fag og utvida opplæring, og med sterk auke i talet på fagarbeidarar i landet.

Utfordringar

Men sjølvsagt har det vore og er stadig store utfordringar. Det har vore utfordrande å ha stor valfridom for ungdommane til å velje studieretning, samtidig som ein innanfor mange av yrkesfaga også var avhengig av nok læreplassar. For gjennom 2+2-ordninga (2 år i skole og 2 år i lærebedrift) som var del av Reform -94, var nok og gode lærebedrifter ein heilt avgjerande del av vidaregåande opplæring. Men korleis skal ein sikre at det ikkje blir stort sprik mellom elevtalet som ønsker utdanning t.d. i elektrofag, samstundes som bedriftene og bransjen meiner dei ikkje har behov for så mange lærlingar? Sjølv om fagopplæring i skole er vanleg i Sverige og også er mogleg i Noreg, er alle samde om at gode lærebedrifter er den beste ordninga med tanke på både elevmotivasjon og realistisk opplæring.

I tillegg har vi i landet vårt framleis svært tradisjonelle yrkesval blant gutar og jenter. Korleis kan ein få fleire gutar til å velje til dømes omsorgsfag, og fleire jenter innanfor t.d. bygg eller teknologiske fag? Her har det skjedd svært små endringar sidan 1980-90-talet. Jentene er i klart overtal innanfor helse- og oppvekstfag og estetikk og design, og også innanfor studiespesialisering, medan gutane dominerer totalt innanfor elektro, bygg og teknologifag.

Stort mangfold

Ei utfordring som har blitt stadig større, er det store mangfoldet av evner, interesser og ikkje minst bakgrunn blant elevane. Då er det ikkje berre snakk om Downs syndrom eller ADHD. I Møre og Romsdal fekk vi til dømes dei første innføringsklassene for innvandrarungdom på 1980-talet. I dag har 15-20 prosent av elevane ved enkelte skolar framandspråkleg bakgrunn, frå til dømes Polen eller Baltikum, eller frå Asia eller Afrika.

Oppi alt dette mangfoldet og i ei samfunnsutvikling i stadig endring, skal opplæringssystemet ikkje berre hjelpe dei unge til å orientere seg og skaffe seg grunnlag og motivasjon for høgare utdannning og eit yrkes- og arbeidsliv. Dei skal ikkje minst utvikle seg til å kunne meistre liva sine og å kunne delta i arbeid og fellesskap i eit demokratisk samfunn, med nødvendig omsyn m.a. til tradisjon, likestilling, miljø og menneskerettar. Opplæringa skal – slik det er sagt i formålsparagrafen, «opne dører mot verda og framtida.» - Det er såleis ikkje berre opplæringstilbodet som har blitt stadig større og meir variert og krevjande dei siste par generasjonane, men også formålet og målformuleringane for opplæringa.

Eivind Hasle

Har vakse opp på Løkken, med faren, Ingvar Hasle, som første rektor ved Meldal vgs 1946-79.

Har sjølv vore elev ved Orkdal landsgymnas, og undervist ved m.a. Volda vgs og Romsdal vgs

Hadde ulike stillingar i Utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal Fylkeskommune 1987-2008.

Bur frå 2008 i Surnadal.

Kommentarer til denne saken