Jordvern vår felles framtid!

Vi veit at under 3 prosent av landarealet vårt er matjord. At det kan ta mest 1.000 år å danne eit nytt 10 cm jordlag, gjev oss eit tidsperspektiv for jordvernet. Norge er millom dei landa som har minst matjord for kvar innbyggar og med lågast sjølvberging med mat, er dette vår tids største utfordring mot framtida. Dette er vår felles utfordring og skal vi lukkast med jordvernet trengs meir velvilje og større forståing av kva som er viktigast å prioritere.

Fylkestinget i Møre og Romsdal har vedteke at ein ikkje skal tillate å bygge ned meir enn 200 dekar dyrka jord i året. Nedbyggingstala på landsbasis for 2021 viser at det i Møre og Romsdal er bygd ned 141 dekar, rapportert til Statistisk sentralbyrå SSB. Dette er positivt, men dei 141 dekara som er nedbygd, kan det ikkje produserast mat på i framtida. Her i fylket er det Ørsta med 62 dekar, som har bygd ned mest dyrkajord i 2021.

Faresignal Tal frå SSB viser at 300 av landets kommunar planlegg å bruke i alt 83000 dekar matjord til nye bustadfelt eller anna næringsareal dei komande åra. I tillegg har 56 kommunar ikkje rapportert inn tal til SSB. I tillegg kjem nedbygginga til infrastruktur og vegar. Samla kan ein difor frykte det ligg eit trugsmål om nedbygging av 100 000 dekar matjord i det framtidige plan og rammeverket. Dette er uakseptabel nedbygging som det må gjerast noko med.

Norge skal byggast, også i framtida. Statlege og kommunale planer manglar ikkje areal til nye hus, nærings- og infrastruktur. Ein manglar kraftfulle føringar for å bygge på dei 97 prosent av landarealet vårt som ikkje er matjord. Jordvernet arbeider for å skape større forståing for korleis ein kan skape ei haldning for eit betre matjordvern. FN har ei målsetting om ein sjølvbergingsgrad på 50 prosent innan 2050. Vår sjølvberging er no under 40 prosent.

Regjeringa strammar inn. I eit nytt brev til kommunane gjev regjeringa kommunane instruks om å stramme inn jordvernet og vurdere om jord avsett til utbygging skal tilbakeførast til landbruk. Borch og Gram skriv i brevet sitt at målet om maks 3.000 dekar omdisponert dyrka jord per år inneber at kommunane må føre ein streng jordvernpolitikk i si arealforvaltning. Dei ber og kommunane gå grundig igjennom sine kommunale planer og vurdere å ta ut byggeområda på dyrka jord og i alle høve seie nei til å vidareføre desse regulereringsplanane. I brevet til kommunane vert det peika på Hurdalsplattforma si jordverpresisering om å hindre nedbygging av dyrka jord. Kommunane kan søke om pengar til å lage kommunale jordvernstrategiar der hensikta er å redusere omdisponeringa, gjerne med ein nullvisjon

Kva kan gjerast? Jordvernet manglar ikkje lovheimel, men at ein praktiserer lovverket slik det er tenkt. Det er kommunane som styrer arealbrukengjennom reguleringsplanar og som kan gi grønt lys for å omdisponere jord frå landbruksformål til utbyggingsformål. Før var det slik at omdisponeringssaker måtte gjennom ein jordlovrunde. Vart svaret nei, vart det ikkje noko reguleringsplan. Denne hindringa løyste ein med ei endring der jordlova i praksis vart sett sjakk matt og ut av spel. Praksisen i dag er at jordlova er redusert til ein høyringsinstans, saman med ei lang rekkje av instansar, som i praksis ikkje har avgjerande mynde.

Difor er det viktig ikkje berre å presisere dette, men og at staten syter for at ikkje Plan- og bygningslova lenger overstyrer jordlova og gjer meir uboteleg skade med nedbygging av matjord. Justisdepartementet må få i oppdrag å oppdatere Jordlova, slik at heimelen ikkje lenger vert uthola. Dette er den lovheimel jordvernet treng, om vi skal ha ei framtid.

Leiaren i stortingets samferdselskomite, Erling Sande (Sp), tenker i rett lei når han oppmodar framtidig planer for veg og bane om å redusere sine arealbehov. Vi har eit skrekkeksempel på skadeleg nedbygging av noko av den beste kulturjorda i Møre og Romsdal på Hjelset, vert kløyvd av ein ny vegtrase for 110 km. Det er som kjent lite hjelp i å kome snarare fram, om det ikkje er mat dit ein kjem.

Les også

Et jorde her og et jorde der

Les også

Å kunne brødfø eiga befolkning

Les også

Positiv utvikling for jordvern!