Når arrangørane fredag kveld opnar døra til Åsskard kyrkje, kan publikum glede seg til eit program som mange festivalar kan misunne dei.

For berre sjå kven som skal opptre: Operasongarane Sigrid Bøe, Turid Røen Kroknes og Erik Rosenius har med seg godbitar av Grieg, Strauss, Larsson, Bach og andre. Dei får tonefølgje av pianist Tor Strand, oboist Ebba Ringmar og ein profesjonell strykekvartett med tvillingane Åse og Anne Aaknes, Synnøve Hammervold og Eivind Rossbach Heier.

Og ikkje nok med det:

Ola Bræin på munnspel serverer lokal folkemusikk i samspel med Tor Strand. Koret Prosjekt 17 vandrar både året og døgnet rundt med songar om advent, jul og pinse forutan ei 600 år gammal kveldshymne dei syng frå kyrkjetrappa til slutt. Saman med bassolist Erik gir koret gjenhør med Griegs mektige Landkjenning – så å seie ein Jonsvaka-klassikar. Og når Sigrid syng sluttscenen Griegs og Ibsens Peer Gynt (Solveigs Vuggevise), legg koret den gripande Pinsesalmen til i bakgrunnen.

40 år med høgdepunkt

I kveldens innleiiande biletkåseri gir Bernt Bøe glimt av høgdepunkt frå 40 år med Jonsvaka sia starten i 1982. Med eit ufrivillig koronaopphald i 2020, blir fredagens arrangement dermed det 40. i rekkja.

Det skriv arrangøren i ei pressemelding.

Minnedagen om Den Heilage Johannes Døyparen (Sankt Hans) 24. juni var kyrkjeleg helgedag fram til 1770. Den utvida katolske tidebøna kvelden før helgendagen var kalla Johannes-vaka (Jonsok, Jonsvaka eller på nordmørsk dialekt «Jensuku»).

Tradisjonen med feiring og bålbrenning skriv seg delvis frå den førkristne midtsommarfesten, men vart vidareført og pregar jonsok også i vår tid.

Seriøs og munter

Med sitt nye orgel og med oppblomstrande kulturinteresse tok Åsskard i 1982 opp att sankthans som kyrkjefest. Det lokale kyrkjekoret stod i spissen for årlege kulturkveldar ved jonsoktider og har vore «flaggskipet» fram slik til no.

Konserten under Jonsvaka fredag 24. juni gir eit tverrsnitt av ulike program gjennom 40 år. Her får ein høre kor, solistar, klaver, orgel og orkesterinstrument. I verbaldelen før kaffepausen vil Bernt Bøe gi seriøse og muntre glimt frå fleire hundre års kyrkjeleg tradisjon og musikkhistorie.

Arrangør Åsskard sokneråd sørgjer for kaffehygge i pausen mellom kåseri og konsert.

Møre bispedøme, Gjensidige og Talgø Møretre har gjeve stønad til årets Jonsvaka.