– Det er utruleg spennande å få tilliten til å vere ordførarkandidat i ein kommune med så stort potensial som Gjemnes har, seier Myklebost Tangen i ei pressemelding.
Tangen vart enstemmig valgt til partiets ordførarkandidat til kommunestyrevalget i 2023 da Gjemnes Frp hadde sitt nominasjonsmøte 14. mars.
Tangen har tidlegare vore leiar i Gjemnes ungdomsråd, vore medlem i Ungdomspanelet i Møre og Romsdal. Og er i dag fylkesleiar i Møre og Romsdal Fremskrittspartiets Ungdom (FpU). Tangen har også sidan han var 17 år gammal vore leiar i Gjemnes FrP.
– Det er på høg tid at vi satsar på økt tilflytting til kommunen, og bedre tenester for barn og unge slik at dei blir buande i kommunen, seier Tangen.
Han er også 7. kandidat på fylkestingslista til Møre og Romsdal Frp. Med den siste fylkestingsmålinga på 26,5 prosent er plassen godt innafor rekkevidde.
– Eg er glad vi har fått med fleire yngre på lista vår, 4 av dei 10 første kandidatane er under 30 år. Vi er framtidas politikarar som skal jobbe for gode tenester til alle innbyggjarane i Gjemnes kommune. Og satse på gode tilbod retta mot dei yngre, slik at dei blir buande i kommunen, seier Tangen.
Gjemnes FrP si liste er følgjande:
1. Joakim Myklebost Tangen – Skeisdalen f. 2002
2. Katrine Myklebost Tangen – Skeisdalen f. 1993
3. Ragnar Amundsen – Torvikbukt f. 1968
4. Lars Prinz – Flemma f. 2000
5. Lars Einar Hansen – Skeisdalen f. 1973
6. Heidi Bakke – Batnfjordsøra f. 1977
7. Leif Hegstad – Osmarka f. 2004
8. Carsten Prinz – Flemma f. 1973
9. Marvin Skjærset – Storlandet f. 1962
10. Belinda Hansen – Skeisdalen f. 1970
11. Trygve Gimnes – Bergsøya f. 1954
12. Per-Kåre Tangen – Skeisdalen f. 1961
13. Peder Magnar Dønheim – Bergsøya f. 1948
14. Erik Aspen Bakke – Bergsøya f. 1979
15. Per Torgeir Rotlid – Fagerlia f. 1941
16. Margrethe Liv Rotlid – Fagerlia f. 1948
17. Kjell Per Dønheim – Bergsøya f. 1942
Fra revy til politikk