Gå til sidens hovedinnhold

Jazzåteatret: Har ambisiøs plan B for Ladyen

2020 vart som vi alle veit, eit år som vil gå inn i historiebøkene som annerledes. Ikkje noko gikk som planlagt.

«Lady Arbuthnott» skulle ha storstilt jubileum, men vart i staden avlyst for første gong sidan 1996. Takk væra sponsorar og offentleg støtte, fekk vi markert oss med diverse arrangement som vart streama, og ein konsert i Hovshall. Men den store folkefesten vart det aldri noko av.

Sunndal kommune har no lagt bak seg ein krevande budsjetthaust, og vi i Jazzåteatret Produksjon AS er utruleg glad for at vi har fått dei rammene vi treng for at vi no skal brette opp ermene i 2021.

Vi jobbar med to planer. Vi veit ikkje kva som skjer utover vinter/vår med Covid-19, så vi garderer oss. Vi kontrakterer i desse dagar alt av skodespelarar, musikarar og tekniske leverandørar til ordinære forestillingar i Hovshall, juni 2021. Vi er derimot usikre på om dette er mogleg å få til.

Våre utfordringar for å få sette opp «Lady Arbuthnott» i forhold til Covid-19, er fleire.

For det første er det ikkje lov for vaksne amatørskodespelarar å komme nærmare enn ein meter frå kvarandre. Mange av våre scener innbefattar svært mange mennesker, og vi kan da ikkje øve eller framføre dette før meters-regelen er borte.

Ambisiøs plan B

I Hovshall er det klare begrensningar på antall publikum. Dette får stor innverknad på våre omsetningstall. Med maksimalt 200 publikummarar per forestilling, vil vi måtte få inn store beløp på andre vis for å få det til å gå rundt.

I tillegg kjem all anna logistikk med covid-19, med publikumsoversikt, hygiene osv.

Så på grunn av all usikkerheita, jobbar vi derfor no med ein ambisiøs plan B. Vi ønsker å sette opp ein alternativ verson av «Lady Arbuthnott» utandørs på området Leikvin/Elverhøy. Vi vil bruke musikk og manus som allereie eksisterer, men tilpasse det ein ny spillestad, eit litt annleis ensamble og dei gjeldande smittereglar.

– Vi treng Ladyen

Dette gjer vi fordi vi meiner det er serdeles viktig at stykket settes opp til sommaren. Vi er avhengig av våre frivillige for å gjere dette kvart år, og dersom stykket blir avlyst ein gong til, fryktar vi at mange legg andre planer. Vår organisasjon er tufta på over 80 prosent frivilligheit, og frivilligheit er vanskelegare å skaffe enn innleide profesjonelle.

Sunndal treng Lady Arbuthnott til sommaren. Alle under 30 år som har vokse opp her, kjenner ikkje til ein juni utan «Lady Arbuthnott». Rundt Lady´n er det mange arrangement som er viktige treffpunkt for oss alle. Vi minner også om at den store ringvirkningsundersøkelsen utført for Møre og Romsdal Fylkeskommune viste at Lady Arbuthnott sørger for ei meiromsetning på 4,6 millioner kroner til lokale bedrifter og næringsliv.

Det er mykje som skal gjerast for å få dette til. Ting må endrast, byggast og tilpassast, men vi er innstilt på å gjæra det som trengs for å få «Lady Arbuthnott» til sommaren. Om det blir i Hovshall, eller på Elverhøy.

Kommentarer til denne saken