Gå til sidens hovedinnhold

JA til Møre utan Møreaksen

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Fellesopprop frå Møre og Romsdal SV i samband med Nasjonal Transportplan

Skal vi nå klimamåla må vi få meir godstransport over på sjø og bane. Det er på høg tid å ta nye grep i NTP for å kutte utslepp, men her kjem regjeringa med meir av det gamle. SV vil ha gode trygge kvardagsvegar og rimelege ferjer med god frekvens i distrikta. Det er bra at det kjem meir til fylkesvegane og riksvegane, men SV har alltid villa prioritere moderne dobbelspora lyntog framfor breie motorvegar i hovedkorridorane. Hurtigtog treng berre halvparten så brei korridor som ein firefelts motorveg , men den har fire gonger kapasiteten til veg. Det er på dei lange strekka ein verkeleg kunne få ned utsleppa frå godstransport ,flytrafikk, og privatbilar.

Lokallaga til Møre og Romsdal SV står samla om fylkespartiet sitt standpunkt:

- Å gå imot den svært kostbare Møreaksen til fordel for betre løysingar. Tungtransportnæringa er på linje med SV i denne saka. SV var einaste partiet på Fylkestinget i Møre & Romsdal som gjekk imot Møreaksen i perioden 2011-2015, og vi ønska å utrede Romsdalsaksen som alternativ.

- SV vil ha fortgang i å ruste opp Eksportvegen opp Romsdalen og få på plass 50 mill kroner i revidert statsbudsjett for å starte opp med strekninga Stuguflåten – Rødstøl, og 200 mill. kroner i neste års budsjett. «Nye veier» har ikkje organisasjon i Møre og Romsdal og det vil ta tid å få opp ein slik, difor meiner SV at ein bør ein bygge videre på det gode så og seie gryteferdige planleggingsarbeidet Statens Vegvesen allereie har gjort på strekningane opp Romsdalen.

- SV vil ha gode trygge kvardagsvegar. Det er 1200 km riksvegar som ikkje er breie nok til gul stripe. Det er etterslep på 60 mrd. Kr på vedlikehald av dei 40 000 km med fylkesvegar og det mangler 70 mrd. Kr til rassikring.

- SV vil ha oversjøiske bruer eller utsleppsfrie ferjer i staden for lange, djupe, trafikkfarleg undersjøiske tunnelar. Bruer og ferjer er betre med tanke på Møre og Romsdal som reiselivsfylke, jamfør Atlanterhavsvegen.

Kommentarer til denne saken