Gå til sidens hovedinnhold

Ja til godt internett i heile landet

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Etter koronautbrotet har vi nordmenn på rekordrask tid måtte vende oss til å leve livet vårt mest digitalt. Skulen er digital, foreldre jobbar heimanfrå og vener og familie kan vi no treffe på Zoom og Facetime. Men den nye måten å leve livet vårt på har ein stor svakheit: Mange nordmenn dett utanfor samfunnet grunna dårleg eller ikkje-eksisterande internett.

Kva med oss i grisgrendte strøk? Gje oss eit internettløft!

Ein ny digital kvardag

Etter koronapandemien braut ut har heimekontoret i periodar blitt flytta frå hybelen min og til mor og far. Her er vi då tre søsken og to vaksne. Kvardagen vår er nok ganske lik som mange andre norske familiar i desse dagar, og det aller meste av skule og arbeid skjer over internett. Ein vanleg dag startar gjerne med at alle står opp til halv åtte og et felles frukost – ganske idyllisk, men når skule- og jobbdagen tek til klokka 8, brakar helvete laus:

To av tre søsken startar dagen med Teams-møte med klassen, medan eldstemann har naturfag og skal sjå dokumentar om radioaktivitet. Mor i huset har morgonmøte på Skype med kollegaene sine, og far, som er bonde og dagleg leiar på bærmottaket i kommunen, skriv mailar innimellom lamming og fjøsturar.

I ei ideell verd hadde alt dette gått knirkefritt, og alle kunne smilande treffast til middag klokka 16. Slik er det diverre ikkje. Ofte endar det opp med at alle sit i forskjellige rom og riv seg i håret over at vi dett ut og inn av digitale møter, at dokumentarar og filmar ikkje lastar opp og mailar ikkje vert sende.

Vi treng eit internettløft

Familien min og eg er ikkje dei einaste som er råka av dårleg internett. Her har vi til dømes breiband som går gjennom nesten 50 år gamle telefonleidningar.

Kvifor må vi i distrikta henge etter i utviklinga? Kvifor kan ikkje vi få raskt fibernett slik som folk i storbyane tek som heilt sjølvsagt?

Senterungdomen meiner at vi treng eit internettløft! Det bør byggast ut godt fibernett i heile landet – også i grisgrendte strøk. For distrikta er like viktig som resten av landet.

Kommentarer til denne saken