Dei planlagde motorvegprosjekta er dyre, dei fører til nedbygging av dyrkajord og inngrep i verdfulle naturområde. Utviklinga i verda rundt oss, med stadig tydelegare klimaendringar, pandemi og krig, har tydeleggjort trongen for å auke eigen matproduksjon og for å ta vare på intakt natur. Pengebingen er heller ikkje like utømeleg som onkel Skrue sin. Vi har ei mengd dårlege riks- og fylkesvegar som sårt treng vedlikehald og oppgradering, aukande ras- og flaumfare aukar trongen for rassikring, og skal vi nå klimamålet må ein større del av transporten over på kollektiv, gange og sykkel. Dette kostar også pengar.

Dette var bakteppet for at SV i budsjettforhandlingane med regjeringspartia sto knallhardt på, og fekk gjennomslag for, eit verbalframlegg om gjennomgang av Nasjonal Transportplan med tanke på nedskalering av dei store motorvegprosjekta fram mot statsbudsjettet 2023. Vi ber regjeringa vurdere, og fremje forslag om, korleis store prosjekt kan «krympast» for å spare natur, matjord og kostnader, og gje rom for ei sterkare satsing på vedlikehald og oppgradering av eksisterande vegar. Må alle prosjekta byggast som 4-felts motorvegar, eller kan vi greie oss med 2-feltsvegar med gul midtstripe som er trygge og gode å køyre på? Gjennomgangen skal også inkludere prosjekt som er under planlegging.

Vi i Møre og Romsdal SV vonar også at den komande gjennomgangen av ferjefri E 39 vil resultere i at ein legg vekk planane om Møreaksen, og går for primærstandpunktet til SV som heile tida har vore eit sterkt oppgradert ferjetilbod over Romsdalsfjorden, eventuelt utgreiing av Romsdalsaksen som alternativ. Ein pilotstudie i regi av Grønt skipsfartprogram konkluderte nyleg med at automatiserte ferjer, med noko bemanning, er eit godt alternativ til bygging av bru og tunnel. Eit heilt nytt konsept kan også gje auka effektivitet, hyppigare avgangar og gjere det lett å kome fram.

I ei pressemelding frå prosjektleiaren heiter det mellom anna: «Vi må fri oss frå den tradisjonelle tankegangen der bruer og tunnelar skal løyse alle trafikkutfordringar langs kysten». Tanken er at sjølvstendige enkeltferjer vert erstatta med ein flåte av fartøy, som sjølvsagt skal vere elektriske. Fleire ferjer på eit samband vil gje høg frekvens, større fleksibilitet og dermed betre tilbod og betre energi-og ressursutnytting. Eit tilleggsmoment, ikkje minst for vårt fylke, er at den maritime industrien kan skape nye arbeidsplassar for bygging og drift av flåtar av ferjer med avanserte, autonome løysingar.

Hurdalsplattforma slår fast at klima og natur skal legge premissane for all politikk. Arealplanlegginga på land skal bidra til strengare jordvern, meir naturmangfald, sikre kulturminne og kulturlandskap og bidra til å auke naturen si karbonlagring. Vi må ta innover oss at tida for dei store gigavegprosjekta er forbi. Vi må hushaldere med både økonomiske og økologiske ressursar. Vi vonar regjeringspartia vil gå inn i dette arbeidet med ope sinn og nye augo, og at vi kan finne løysingar som både tek vare på dyrkajord og natur og sikrar gode og trygge kommunikasjonar også i distrikts-Noreg.