Innspill til regulering av sjølaksefisket fra 2021

Av
DEL

Situasjonen pr i dag

LeserbrevDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Sjølaksefisket på Nordmøre har siden 2007 vorte sterkt redusert, frå normalsesong 1. juni til 5. august til kun fire fiskedøgn i kystregionen, og 1.juli til 25, juli i fjordane med unntak av Tingvoll/Sunndalsfjorden. Fisketida er lagt etter at hovudinnsiget av laks er ferdig, og ytterlegare reduksjon har kun symbolsk effekt. Med dagens reguleringar er omsynet til laksen ivareteke da hovudinnsiget er over før sjølaksefisket tek til. Elvane på Nordmøre har auka oppnåing av gytebestandsmåla, sjølv om det er eit omfattande elvefiske i elvar med låg oppnåing av gytebestandsmåla. Det er ikkje sett maksimumskvoter for elvane og fisket tek til før ein veit om det er nok laks i elvane til å nå gytebestandsmåla. Eit nærare samarbeid mellom elvefisket og sjølaksefisket vil kunne gje betre oversikt over seint innsig og om ein vil få stort nok innsig. Dette er kunnskap som ikkje er innhenta av elvane i samband med midtsesongevaluering.

Situasjonen til sjøauren

Samla fangst av sjøaure i fjordane på Nordmøre var i 2018 kun 36 kilo, for heile Møre og Romsdal 94 kilo totalt. Sjølaksefisket beskatter i liten grad sjøauren, og med tanke på at det er utsetjingspåbod for all sjøaure i fylket, så er omsynet til denne ivareteke. Elvefisket i fylket var på ca 1800 kilo avliva sjøaure, utsett fisk ikkje medrekna. Reguleringar i elv vil difor vere meir hensiktsmessig enn innskrenkingar i sjølaksefisket.

Sunndalsfjorden/Tingvollfjorden: Alle elvane i dette fjordsystemet er infisert med g.salaris, og det er ikkje mål å oppnå gytebestandsmål her. I fjordsystemet har ein eit aktivt sjølaksefiske på laks tilhøyrande elvane. Laksen er «ferdig sortert» for den kjem inn fjordmunningen og dette fisket beskatter i særs liten grad laks frå bestander tilhøyrande andre fjorder. I den grad ein fiskar på laks tilhøyrande andre fjordsystem er dette på den naturlege andelen feilvandra laks. Vi ser ikkje noko grunnlag for å innskrenke sjølaksefisket i fjordsystemet på grunn av g.salaris. Av same årsak bør grensa for Tingvollfjorden flyttas lengre ut slik at det omfattar innsiget til Batnfjordselva som og er infisert med G.salaris. Ei meir naturleg grense vil vere midtlinja i Freifjorden.

Fisketid i fjorden bør difor vere 1. juni til 5. august for neste forvaltningsperiode.

Halsafjorden: Alle elvane i fjordsystemet har aukande bestander, sjølv om dei er berørte av vassdragsreguleringar. Ser ein på storleiken av elvane, halde opp mot samla fangst i sjølaksefisket, vil ei vekta fordeling av fangstane syne at sjølaksefisket i liten grad beskatter laks tilhøyrande dei svakaste bestandane i fjordsytemet. Sjølaksefiskarane her fått sterkt redusert fisketid allereie, og ytterlegare redusering i fisketid ut i frå bestandsutviklinga i elvane vil ikkje kunne forsvaras. Vi ser at ein av omsynet til laksen ikkje kan ha full normalsesong, men fisketida bør flyttas fram for å ivareta den verdiskapinga sjølaksefisket bidreg med. Sjølaksefisket er viktig inntekskjelde for fiskarane, og er med på å oppretthalde busetnaden hjå desse. Det er og ei viktig råvare for verdiskaping i form av videreforedling på ulike områder. Ut i frå samfunnsøkonomiske omsyn vil ein reduksjon i sjølaksefisket gje uønska utslag. Sjølaksefisket er viktig i beredskapssamanheng ved rømning frå oppdrettsanlegg, og sjølaksefiskarane innhar ein verdifull kunnskap om slikt fiske.

Fisketid i Halsafjorden og resten av region Nordmørsfjordane bør difor setjas frå mandag veke 25 til fredag veke 30, med normal helgefredning.

Region Kysten av Møre og Romsdal

Sjølaksefisket i denne regionen er kun symbolsk og gjev i liten grad grunnlag for næringsfiske. Den reduserte fisketida fører til at det er vansker med å rekruttering til fisket, verdifull kunnskap forsvinn, interessen for laksen forsvinn når verdien av den vert borte. For å oppretthalde interessa for laks, samt ivareta kunnskap og tradisjon bør fisketida i regionen flyttas fram i tid. For region Kysten Møre og Romsdal bør fisketida setjas til 20.juni til og med 10. juli, med fiske frå mandag 18.00 til fredag kl. 18.00


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags