Gå til sidens hovedinnhold

Ikkje aktuelt med fleire tap!

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Utdanningsforbundet sine medlemer tapte lønnskampen nok ein gong i fjor! Saman med sjukepleiarane fekk lærarane ei lønnsutvikling i samsvar med ramma i frontfaget på 1,7 prosent. Statistikken frå Teknisk berekningsutval viste med tydlege tal at privat sektor fekk ein langt høgare lønnsvekst. Det var altså berre vi i offentleg sektor som var lojale mot frontfaget.

Mellomoppgjeret 2021 skal markere starten på noko nytt. Det er ikkje aktuelt med fleire tap!

I år må vi ha ei klar forbetring av kjøpekrafta og vi må starte arbeidet med eit lønnsløft som bidreg til ei langt betre rekruttering av kompetanse til offentleg sektor.

Det er store rekrutteringsutfordringar både i helsesektoren og i utdanningssektoren.

Søkjartala til lærarutdanningane er lite lysteleg lesing. I følgje Khrono 23.4.21 er det nedgang på søkjartala for heile grunnskulen. For utdanninga til dei yngste, trinn 1-7, går søkjartala ned med 8,9 prosent og enno meir alvorleg er nedgangen for trinn 5-10 som er på heile 12,9 prosent.

Minister for forsking- og høgare utdanning, Henrik Asheim seier han skulle ønskje at fleire hadde søkt. Det held ikkje berre å ønskje, ein må sjå etter årsaka til at desse viktige utdanningane ikkje trekkjer til seg søkjarar!

Pandemien har vist kor stor betydning våre folk sin kompetanse har for samfunnet og kvaliteten på tenestene. Utfordringane er no så store at det svekker moglegheitene til å gi innbyggarane eit godt nok tenestetilbod. Dette er eit samfunnsproblem som må løysast og vi har ikkje tid til å vente! Men vil KS innsjå dei store utfordringane offentleg sektor står ovanfor ? Som organisasjon opplever vi at KS er meir opptekne av å bortforklare enn å verkeleg vere ein god arbeidsgivar. Vi opplever at politikare i storting og regjering er bekymra for rekrutteringa til våre yrke, men det ser ikkje ut til at KS deler den bekymringa. Det er på tide at KS vaknar!

Kampviljen er svært stor i våre rekker! Vi forventar at ros og klapp vert langt meir synleg på lønnsslippen. Unio krev derfor ei høgare økonomisk ramme enn privat sektor i dette oppgjeret. Ei ramme som tar igjen etterslepet frå i fjor, gir ei tydeleg reallønnsauke og som bidreg til å løyse dei store rekrutteringsutfordringane.

Statsråd Asheim seier han er imponert over innsatsen som er lagt ned for å gi born og elevar eit godt tilbod under vekslande smittevernregler. Vi er takksame for all ros til lærarane sin innsats gjennom krisetida. Men ros betaler ikkje rekningar!

Denne lønskampen er svært viktig fordi den også handlar om å få fleire til å velgje læraryrket og bli verande i jobben. Den handlar om å sikre at alle born får ein lærarutdanna lærar gjennom heile utdanningsløpet.

Saman er vi klare til å ta denne kampen - og vi skal ikkje tape igjen!

Kommentarer til denne saken