Gå til sidens hovedinnhold

Leksefri skule

Artikkelen er over 6 år gammel

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Eg ønskjer å få leksefri skule til alle elevar fordi dei som ikkje har nokon til å hjelpe og alle andre, kan sleppe lekser. Vi får for lite tid til venner og for mykje tid til å skrive og lese bøker. Eg trur alle har godt av å vere meir ute med venner og sparke ball, eller å leike saman i staden for å sitte  inne. La barn vere barn, vaksentida kjem tidsnok.

Problemet kan løysast med å få mindre lekser, eller sleppe lekser og ha ein  ekstra time eller to. Viss kommunen får for lite pengar til å skaffe fleire  tilsett, så er det rart, fordi Noreg er jo verdas rikaste land, seier dei. Kanskje det ikkje høyrest så slitsamt ut for andre, men det er slitsamt når vi kjem heim fordi vi må vi sette oss ned med leksene nesten kvar dag i 10 år!

Eg er ganske så sikker på at det er veldig mange som vil ha leksefri skule i Surnadal. Tenk for ein liten førsteklassing som må gjere så mykje lekser; det kan bli ganske hardt. Eg ønskjer, og sikkert mange andre med meg, at det skal bli leksefri skule på Øye skule og ungdomsskulen.

Det er ein fordel for lærarane å sleppe å skrive leksene på plana kvar veke, og da sparer dei mykje papir og blekk.

Det er ikkje sunt å sitte inne heile dagane med berre lekser. Når det begynner å bli mørkt så er det litt kjedeleg at det er mørkt når vi er ferdige med leksene. Heime oss meg så er vi tre som må gjere lekser, og det er somtid berre ein til å hjelpe oss med leksene. Men heldigvis så er det kun på tysdag det skjer, men stakkars den personen som må hjelpe tre små barn med leksene.

Kommentarer til denne saken