Elevar over heile landet sitt i ro på ein stol i seks heile timar kvar skuledag. I ein heil time pluss/minus gym, så er vi elevar i aktivitet i berre ein time kvar skuledag. Lærarane går rundt og bestemmer kva vi skal gjere og kvar vi skal sitte i skuletida. Elevane burde da få bestemme litt. Og litt frileik kan da vel ikkje skade nokon. Vi elevar burde få gå litt rundt i klasserommet, og kanskje bestemme litt meir i skuletida. Vi bestemmer lite over kva vaksne folk skal gjere, dei tvingar oss til å sitte i ro på ein stol i skuletida og dei tvingar oss til å gjere lekser. Barn fortener å bestemme litt som eksempel: bestemme kva vi skal sjå på tv, kva vi skal gjere i ferien og kva vi skal ha til middag. Foreldre seier alltid «du veit ikkje før du har prøvd» og det gjer meg sint! Vaksne burde ta ein pause og høyre på kva vi barn har å seie, dei tar oss ikkje på alvor og dei trur alt er tull og tøys med barn. Vi får ikkje ha ei meining om fargane i huset, vaksne trur dei har så god smak i alt. Foreldre lar oss ikkje ete godteri når vi vil, dei bestemmer når vi skal leggje oss, når vi skal ete middag og når vi kan gå ut. Kvifor kan ikkje vaksne folk ta oss på alvor? Vaksne tenkjer ikkje på korleis vi unge får det når vi veks opp med vaksne som alltid tar avgjerdene for oss. Vaksne blir også sure for at vi masar på dei og syt. Vi er barn, og vi kan ikkje noko for det.