På siste møte i Hustadvika kommunestyre hadde kommunedirektøren lagt fram ei sak om å seie opp museumsavtalen med Gamle Kvernes bygdemuseum, der Eide kommune, saman med Averøy kommune, har gjeve økonomisk tilskot til Nordmøre Museum, til museumsdrifta. Det var difor ei stor glede for meg å få eit samrøystes vedtak om å forlenge samarbeidet med Gamle Kvernes bygdemuseum, ut inneverande kommunestyreperiode.

Då det etter møtet på Facebook er stilt spørsmål om kor mitt forslag endte opp i vrimmelen av forslag der alle kappast om å berge vår museale tilknyting, kan eg ikkje svare før ordføraren er ferdig med si redigering av møtet og legg fram referat til godkjenning og vert sendt ut. Sidan ingen av lokalavisene var til stades på dette viktige møtet, kan eg hjelpe til med mitt manus til det første innlegget eg hadde i debatten i kommunestyret, som også vart sendt på You Tube si fjernsynsoverføring frå kommunestyremøtet i Hustadvika kommune, torsdag 13. november 2021 kl. 16.00.

«Vi som kjem frå Eide har med oss vår historie og vår museale tilhøyrigheit. No skal vi i ny kommune bli «Hustadvikingar» og det er ikkje gjort over natta, det trengs tid om vi skal lukkast med ei god integrering.

Hustadvikingar har namnet sitt etter det berykta havstykket frå Fræna til Eide og vidare til Averøy, som utgjer ein samla kystkultur, som er teken best vare på i Gamle Kvernes bygdemuseum.

Eide har tilknyting til Kvernes, historisk, frå tida der kyrkjebakken var møteplass, til seinare soknetilhøyrigheit og formannskapslover, til Skeikomiteen på 60-talet flytta Vevang frå Kornstad, til å verte den dåverande største krinsen i Eide kommune i folketal i 1964.

Ein må kjenne fortida for å forstå framtida er ein av definisjonane på kva eit museum betyr. Eg har sjølv hatt gleda av å vere Eide kommunes representant i siste kommunestyreperiode i styret for Gamle Kvernes bygdemuseum og er slik godt oppdatert på utviklinga.

I tillegg til tradisjonell god og aktiv museumsdrift var det eit svært aktivt vennelag på Kvernes, som stod for ei rekke større arrangement med tema frå siste 100 år. I Eide var det førre periode folkemøte på Vevang om korleis Atlanterhavsvegen vart til frå ide til ferdig nedbetalt bomveg.

Eit anna tema var fjordabåten, temamøte på Lyngstad, som var endestasjon for fjordabåten, Breitus.

Det tredje folkemøtet var på Øyen der temaet var Astrup sitt livsverk med visjon om å bygge landets største gard i Svanvika. Problemet ved alle tre arrangementa var at interessa oversteig antalet sitjeplassar og møtelokala vart for små. Det vitnar om at det er stor interesse også for det som har hendt i vår nære fortid.

Museumsreforma er ikkje på plass og etter mi meining er stiftelsesmodellen ubrukbar og ikkje vegen å gå for å skape eit velfungerande museumstilbod i framtida i Møre og Romsdal.

Stiftelsesmodellen med 3 fogderimuseum, eit i kvar by, viste seg først å by på problem der eit velfungerande landbruksmuseum på Gjermundnes vart lagt under Romsdalsmuseet og museumsbestyraren fekk Romsdalsmuseet som arbeidsstad. Dette vart det bråk av og resulterte i at landbruksmuseet vart flytta og lagt til Sunnmøre Museum. Som styreleiar i 8 år for landbruksmuseet veit eg kva for utfordringar som ligg i ei slik organisasjonsform. Ishavsmuseet på Vartdal har meldt seg ut av Sunnmøre Museum og det har vore problem med Yste Skotet og ulmebrand ved fleire av bygdemuseum på Sunnmøre.

På Nordmøre stod det nyleg ein stor artikkel i Tidens Krav om at det er problem med konsolideringsprosessen på Nordmøre og at ein arbeider aktivt med å ta att det tapte.

Stiftingsmodellen har etter mitt syn spela falitt og er ikkje ein organisasjonsmodell som tener ei museal framtid. I staden for 3 fogderimuseum bør det bli eit fylkesmuseum for heile Møre og Romsdal, med rasjonell og effektiv drift av alle bygdemusea, med ein desentralisert modell der lokalmusea styrer seg sjølv og lever sitt eige liv, tufta på aktive vennelag, er ein føresetnad, for at bygdemusea skal ha ei framtid!

Mitt forslag blir derfor at gjeldane avtale med Nordmøre Museum blir forlenga ut inneverande kommunestyreperiode, der Hustadvika har valgt sin representant til styret for heile fireårsperioden.

Forslag til vedtak:

Avtalen med Gamle Kvernes bygdemuseum vert forlenga til å gjelde ut noverande kommunestyreperiode.» sitat slutt!