Høgre har levd opp til ordspelet om at det er dårleg fugl, som skit i eige reir.

Gjennom media får vi vite at det går føre seg ein maktkamp om kven som skal verte Høgres kandidat til det politiske vervet som fylkesordførar.

Denne kampen framstår som merkeleg om ein les kva som står i programmet til Høgre. Der kan ein lese at Høgre vil arbeide for å legge ned fylkeskommunen og ha berre to nivå med stat og kommunar. Ein kan difor og med god grunn undre seg over at Høgre vil kjempe om det fremste og høgste tillitsvervet i ein organisasjon, som dei vil legge ned. Det er lite tillitsvekkjkande for dei som bur i Møre og Romsdal og som ikkje vil legge ned fylkeskomunen.

Høgres fylkesordfører vil difor om han skal følje programmet verte den som skal ha som si største og viktigaste politiske oppgåve å legge ned fylkeskommunen etter fylkestingsvalet.

Difor verkar det rart og litt komisk at fornuftige politikarar skal knivast og kjempe om ein slik «uriaspost» om ein verkeleg meiner det som står i programmet, som ein går til val på.