Høgre sin snikstart på valkampen

Ein av Høgre sine fanesaker er EU.. Der har Senterpartiet alltid vore motstandar, i likskap med SV, skriv Ole Stensby, Surnadal SV og Ole August Iversen, Aukra SV.

Ein av Høgre sine fanesaker er EU.. Der har Senterpartiet alltid vore motstandar, i likskap med SV, skriv Ole Stensby, Surnadal SV og Ole August Iversen, Aukra SV. Foto:

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Høgre har ein sterk posisjon på meiningsmålingane, men deira samarbeidspartnarar går under, med god grunn. Difor søkjer dei no å få Sp tilbake på borgarleg side ved å få det til å verke som SV og Raudt har tenkt å forby kjøt, slutte med vegbygging og legge ned industrien.

Ein av tinga Vetle Wang Soleim bevisst lar vere å nemne i sitt lesarinnlegg er EU, ein av Høgre sine fanesaker. Der har Senterpartiet alltid vore motstandar, i likskap med SV. Dette fordi me ønskjer å behalde vår eigen sjølvråderett. At vår energipolitikk, finanspolitikk og samferdselspolitikk skal styrast frå det norske stortinget, og ikkje byråkratane i Brussel.

Høgre sin frimarknadspolitikk står i sterk motsetnad til industri i distrikta, fordi dei alltid vil vere avhengig av private investorar som skal kunne tene sine kroner. Og då dømmer dei bygdene til å utarme seg sjølv for å sikre dei beste villkåra for investorar. Men når avstandane blir lange og infrastrukturen for dårleg blir og profittmarginane for små. Og då har ikkje investorane lengre lyst til å investere i distriktsnorge.

I likskap med NHO driv Høgre og fremmar det kunstige skiljet mellom private og offentlege arbeidsplassar. Som om at statleg industri ikkje er lønsamt på noko måte (som Statoil for lengst har motbevisa). Ei statleg industrisatsing med langsiktige planer for utvikling av kompetanse og teknologi er den beste løysinga for distrikta. Fordi det gjer dei mest stabile vilkåra for underleverandørar, og treng ikkje basere seg på innleige av arbeidskraft.

Innleie av arbeidskraft i seg sjølv har med seg masse problem. Ikkje berre er det enklare å drive med sosial dumping. Det gjer at folk ikkje får noko tilknyting til staden dei jobbar. Det er ingen vits å flytte ein stad du berre skal bu i ei lita periode. All kompetanse dei innleidde tilfører forsvinn så snart dei er demobilisert, og sjølv må dei leve med ein usikker arbeidssituasjon.

Med Høgre får du og stø kurs for å utarme landbruket. Med stadig nedbygging av importvernet, og ingen vilje til å auke lønsemda for norske bønder. Slik at bønder må baserer seg på å betale ut fattigdomsløner til avløysarar samstundes som deira eige timelønner knapt er høgare. I likskap med Sp ønskjer SV å ta i bruk heile landet, men samstundes ha fokus på ei berekraftig naturforvaltning. Slik at bønder ikkje til stadigheit blir tvinga til å utvide drifta si og importere kraftfôr frå Brasil.

Og ikkje minst ønskjer Høgre å halde fram med privat ferjedrift, sjølv om me tydeleg ser at dei som driv stikk av med enorme overskot på folket og fylket si kostnad. Privatisering viser seg heile tida å bli dyrare i lengda, men Høgre likar å late som det motsette er sant. Men skal Sp nokon gong få til skaffe gratis ferjer er det enklast når drifta er offentleg, slik som SV vil ha.

Det kan verke som Senterpartiet gjer seg sjølv og veljarane ei bjørneteneste ved å bytte til ei side der dei venter både meir privatisering, ein svakare arbeidsmiljølov og dårlegare distriktspolitikk.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken