Gå til sidens hovedinnhold

Høgre på veg?

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Vi er kjent med at politikarar på venstresida er begeistra for prideideologien. Det nye er at Høgre går i teten for ein slik liberalisme.

Høgre fekk med seg stortingsfleirtalet på å innføre ein lov der alle norske statsborgarar over 16 år med nokre tastetrykk kan bestemme sitt eige juridiske kjønn. Høgre stod i spissen for å endre flagglova slik at regnbogeflagget kan heisast på alle offentlege flaggstenger. Statsminister, Erna Solberg, går i paradar og vaier med regnbogeflagg og ønsker Happy pride. Dei verdikonservative i Høgre høyrer vi ikkje lenger noko frå. Ein kan undrast på kor dei har gjort av seg.

Nestleiar i Venstre, Abid Raja kan forsikre oss om at Pride ikkje dreier seg om politikk, berre at alle skal få elske den dei vil. FRI sitt program går ut på å fjerne tradisjonelle normer for samliv og seksualitet. Alle samlivsformer skal aksepterast.

Den norske kyrkje blir leia av Open folkekyrkje som har blitt ein viktig aktør for å fremme prideideologien. Oslo-biskopen, Kari Veiteberg, stod jo i spissen for pridearrangementet i Oslo Domkyrkje i 2019. Ho hadde merkverdig nok ingen kritiske merknader til FRI sitt program.

Nedprioritert

I vår tid blir fag som historie og religion nedprioritert. Dei er nemleg med på å binde tankar til fortida. Barn skal jo i dag lærast opp til kritsk tenkning, må vite, men på rett måte. Indoktrinering må starte frå tidlege år av for å gi dei ønska resultat.

Prideideologien får i dag spre seg uten å bli analysert. Den postmoderne kjønnsideologien lærer at alt er normalt og godt. Det einaste som er tvilsomt, er personar som advarer folk og roper varsku.

Partiet De Kristne (PDK) er i dag blant dei tvilsomme.

Kommentarer til denne saken