Gå til sidens hovedinnhold

Høgre mot kutt i ferjeprisane?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Frp fremmar no framlegg i Stortinget, som vil instruere Høgre og regjeringa til å kutte ferjeprisane i revidert statsbudsjett.

No får vi alle sjå om SP og AP klarer å legge prestisje til sides, og faktisk samle seg om Frp sitt framlegg som reelt vil kutte ferjeprisane no i år.

Høgre og regjeringa driv på same viset som både i koronatiltaka og ellers, blir gong på gong instruert av fleirtalet på Stortinget, for så å ta æra av gode og treffsikre tiltak når vedtaka skal ut til folket og næringslivet.

INGEN, ser at Høgre ikkje har levert her heller.

Kven har til dømes sett Høgre fremme eit einaste politisk framlegg det siste året her i fylket?

Les også

Gratis og utsleppsfri finst ikkje!

Les også

Heller gratis ferjer, enn Møreaksen

Les også

Ferjereform for folket

Høgre og regjeringa står aleine om høge ferjeprisar, då er det seriøst viktig at Frp, Ap og Sp tek ansvaret og setter ned ferjeprisane så raskt som råd, då er revidert statsbudsjett eit godt alternativ for dette.

Såleis håpar eg Frp her i fylket, og mitt eige engasjement for kutt i ferjeprisane, fører fram.

No når eit fleirtal faktisk ynskjer å føre ansvaret for ferjedrifta og finansieringa av dette tilbake til Staten frå fylka, er dette noko vi i Frp har jobba for lenge.

Fylket bør ikkje ha ansvaret for verken samferdsel eller vidaregåande skular, då dei som styrer her i fylket brukar pengane på alt anna.

Legg ned fylkeskommunane, dei maktar ikkje å ta ansvaret for det dei faktisk har ansvaret for.

Kommentarer til denne saken