– Her passar du inn uansett kven du er.

Det seier ein ungdom om fritidsklubben sin. «Vi er som ein stor familie», seier ein annan. Har vi råd til å ikkje gje det tilbodet til alle?

Fritidsklubbar er viktige for barn og unge. Redd Barna har snakka med barn og ungdom som seier at dei går på fritidsklubben for å vere med venene sine, og for å gjere ting saman med dei, enten det er å danse, spele basket, game, skate eller å berre ha ein stad å vere saman.

På klubben kan vi gjere kva vi vil og lære masse om det vi vil. Det gjer at vi har det bra saman når vi er her, seier ein ungdom vi har snakka med.

Ein av fem står utan

Likevel manglar 1 av 5 norske kommunar, 68 av 356, ein fritidsklubb der barn og unge kan vere på fritida. Det har vore ein drastisk nedgang i fritidsklubbar dei siste ti åra, og berre halvparten av ungdom i Noreg er fornøgde med tilgangen på klubbar. Ofte blir klubben trua med å bli lagt ned kvar gong kommuneøkonomien er dårleg.

Dette er heilt feil veg å gå. Ved å ikkje ha ein fritidsklubb, eller å legge ned dei klubbane som finst, tek vi vekk ein viktig arena for barn og unge.

Barn og unge fortel at dei går på klubb med jamaldrande frå skulen og nærmiljøet, og at dei møter barn og unge frå andre skular. Fellesskapet på fritidsklubben betyr mykje for å få vener og motverke einsemd og utanforskap.

Eg er her for å kunne ha det gøy med dei eg kjenner, eller med nye folk. Og føler meg ikkje einsam, fortel ein ungdom.

Føler seg trygg

Har di kommune ein fritidsklubb? Om ikkje, håpar vi at du vil heve stemma di, og seie ifrå slik at alle kommunar sørgjer for å ha ein fritidsklubb for barn og unge.

Klubben er ein stad der barn og unge kan vere seg sjølve, utan å måtte prestere eller konkurrere. Og den er open for alle.

– Eg kjenner at fritidsklubben er ein bra plass fordi ein kan føle seg trygg der, og vere seg sjølv. Eg går ikkje så mykje ut, utanom fritidsklubben, så for meg gir klubben meg moglegheit til å vere sosial, seier ein klubbungdom.

Dei vaksne som enten jobbar eller er frivillige på fritidsklubbar, betyr også mykje for dei unge.

– Klubben er viktig for å ha eit bra miljø å vere i, med trygge vaksne. Det har vore viktig for meg å føle at eg er ein del av noko, seier ein ungdom.

På tide at klubben lovfestast

Det er på tide å gjere fritidsklubben tilgjengeleg for alle unge i Noreg uansett kvar dei bur, meiner Redd Barna. Difor må den norske fritidsklubben lovfestast for å sikre at alle kommunar har tilbodet. Slik sikrar vi at barn og unge har ein stad å vere på fritida, ein stad som gir opplevingar, fellesskap og minner for livet.