Hendeleg uhell?

Selv moderat alkoholbruk til sjøs er uakseptabelt, meiner Eivind Hasle. (Ill.foto: Krister Sørbø / NTB scanpix)

Selv moderat alkoholbruk til sjøs er uakseptabelt, meiner Eivind Hasle. (Ill.foto: Krister Sørbø / NTB scanpix) Foto:

Av
DEL

MeningerEtter nesten eitt år kjem endeleg rapporten frå Statens Havarikommisjon om båtulykka ved Namsos 31. juli 2019 der to personar omkom, deriblant den 33-årige og svært dyktige Malvikordføraren. Og kva heiter det om årsaka: «Mulig uoppmerksomhet i kombinasjon med høy fart var trolig medvirkende årsaker til båtulykken» (Dagbl 24/6-20). Lenger nede i avisreportasjen får vi både i Adresseavisen (24/6) og i Dagbladet vite at «Alkoholpåvirkning kan ha påvirket oppmerksomhetsnivå og beslutninger».

Tenk det, Hedda!

Den grundige undersøkinga har ikkje vore i stand til å si noko nøyaktig om promillen til båtføraren – kanskje var promillen til og med innanfor dei promillegrensene som stortingsfleirtalet stadig synest er strenge nok til sjøs ? I alle fall blir det presisert i reportasjane at alkoholpåvirkninga var «moderat». Det er tydelegvis stadig viktig i slike ulykker å bagatellisere alkoholens verknad på køyreferdigheiter og vurderingsevne. Slik kan ein jo unngå å auke presset på å få tryggare køyreregler frå samfunnet si side også på sjøen.

Og slik kan ein jo også skape grunnlag for dei stadig nye krava frå enkelte grupper om «Ja til øl på bensinstasjon» og andre sals- og skjenkestader for rusmiddel. Riktignok blir det akseptert at bilkøyring og alkohol ikkje høyrer saman - det veit jo alle, men til sjøs derimot!


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags