Gå til sidens hovedinnhold

Heltar treng også lønn

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det er svært sjeldan at det vert streik i kommunar og fylkeskommunar i eit mellomoppgjer, men i år kan det skje ! Det er stor avstand mellom partane i lønnsoppgjeret i kommunane, og denne veka møtast partane hos Riksmeklaren.

Det har ulma lenge blant fleire av Unio sine medlemsgrupper. I tariffoppgjeret 2020 stemt medlemer av Utdanningsforbundet og NSF ned forhandlingsresultatet. Dermed vart det mekling rett før jul for UDF og på nyåret for NSF, streik vart så vidt unngått i dette hovudoppgjeret.

Arbeidsgivar sin bodskap i 2020 var moderasjon og behovet for å vise solidaritet på tvers av sektorane. Då resultatet endeleg var klart viste det seg at det berre var offentleg sektor som hadde vore lojale til ramma til frontfaget! Dette utløyste harme blant medlemer både i Utdanningsforbundet og NSF.

Rekruttering i offentleg sektor i krise

Norge manglar i dag om lag 6000 sjukepleiarar og behovet er aukande. Mange av oppgåvene og pasientane som før vart behandla i spesialisthelsetenesta vert no ivaretekne av kommunane. Sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar og jordmødre er dei yrkesgruppene i landet som det er størst mangel på. Ei undersøking blant ordførarar over heile landet viser at dette er dei yrkesgruppene som det er aller vanskelegast å rekruttere. Pandemien har forsterka ein allereie alvorleg situasjon! Sjukepleiarane sin kompetanse er livsnødvendig og som det er behov for i alle kommunar. Skal samfunnet klare å rekruttere og behalde denne kompetansen må lønna opp.

I utdanning- og oppvekstsektoren er ikkje situasjonen særleg betre. Undersøkingar syner at 15 % av alle undervisningstimar i grunnskulen ,1.-10.klasse vert undervist av tilsette utan lærarutdanning. Enno verre er det i vidaregåande opplæring der heile 21 % av undervisningstimane vert gjennomført av personar utan formell godkjend utdanning. Søkjartala til lærarutdanningane stuper, noko som tala frå samordna opptak synte med all tydelegheit, i tillegg er det urovekkande mange lærarar som vurderer å gå ut av yrket.

Ein av årsakene til mangelen på lærarutdanna lærar kan vere å finne i den dårlege lønnsutviklinga som lærarane har hatt sidan 2004 då KS fekk arbeidsgivaransvaret for denne yrkesgruppa. Ein rapport utarbeidd av partane i kommunesektoren stadfestar det Utdanningsforbundet har hevda over lang tid, nemleg at lærarane er den gruppa som desidert har hatt den dårlegaste lønnsutviklinga innanfor kommunal sektor.

Start med lønnsauke

Kommunal sektor er heilt avhengig av å tiltrekke seg høgt utdanna yrkesgrupper skal dei kunne gi innbyggjarane kvalitative gode tenester. Unio sitt krav i dette mellomoppgjeret er ein klar reallønnsauke. Når kommunane no slit med å rekruttere nøkkelpersonell er det på tide å prøve med eit godt lønnstilbod!

Verdsetjing av desse yrkesgruppene må visast att i avlønning og ikkje berre i heltestatus. Ein sterk offentleg sektor er svært viktig også for privat sektor. Professor i økonomi, Kalle Moene, beskriv dette godt i DN i mai i fjor. «Påstander om at privat sektor skaper verdier, mens offentlig sektor forbruker verdier, er direkte feil.» «Nasjonale offentlig goder er avgjørende for verdens folk – og for privat og offentlig verdiskaping.» Men ei utfordring er korleis offentleg og privat lønner sine tilsette. Nødvendig kompetanse i offentleg sektor vert verdsett langt lavare enn kompetanse i privat sektor. Dette er ikkje berekraftig for offentleg sektor og dei tenestene dei skal levere!

Heltane i velferdsstaten må ha løn som står i samsvar med kompetanse og ansvar.

Det er ikkje tilfelle i dag!

Kommentarer til denne saken