Helseføretaksmodellen sikrar ikkje fagleg styring

– Senterpartiet vil ha ein ny modell for finansiering av sjukehus, der ein skil investering og drift.  sier Kjersti Toppe, som er helsepolitisk talsperson for Senterpartiet.

– Senterpartiet vil ha ein ny modell for finansiering av sjukehus, der ein skil investering og drift. sier Kjersti Toppe, som er helsepolitisk talsperson for Senterpartiet. Foto:

Av
DEL

MeningerTerje Sundsbø meiner eg er kunnskapslaus i helsepolitikken når eg skriv at det er Stortinget som skal bestemme i sjukehuspolitikken i landet( TK 15/5). Han meiner at sjukehussaka i Møre og Romsdal viser kvifor helseføretaksmodellen er naudsynt, fordi han meiner at denne sikrar at sjukehuspolitikken kan styrast etter faglege kriterier.

Eg er ueinig. For det fyrste er det ikkje nødvendigvis fagfolk som dominerer i helseføretaksstyra. Meir og meir er det profesjonelle styregrossistar, som gjerne «roterer» litt på dei ulike styrestolane i Helse- Norge. Dei har ofte økonomibakgrunn, fordi det er økonomi ein blir målt på.

For det andre blir det som å seie at kommunestyra ikkje skal kunne meine noko om tilbodet av sjukeheimar, helsestasjonar eller legevakt, at også desse tilboda skal styrast og utviklast utan at folkevalde står til ansvar.

Kvalitetsarbeidet i sjukehus-Norge er eit langsiktig arbeid. Det aller viktigaste er å ta vare på dei tilsette, på fagfolka. Å skape usikkerheit om kor lenge eit tilbodet skal eksistere, er oppskrifta på manglande rekruttering og tap av kompetanse.

Det var også det ROS-analysen for interimfasen for nytt sjukehusbygg i Møre og Romsdal slo fast. At ein måtte styrkje, ikkje svekke eksisterande fagmiljø og tilbod i denne fasen. Det motsette skjer, med helseminister Bent Høie si velsigning. Difor var det naudsynt med eit forslag i Stortinget.

Eg er godt kjent med at HMR har sett i gong kraftige innsparingstiltak. Det bør få fleire til å innsjå at norske sjukehus både er underfinansiert og finansiert på feil måte . Senterpartiet vil ha ein ny modell for finansiering av sjukehus, der ein skil investering og drift. Befolkninga må sleppe å oppleve kutt i viktige pasienttilbod, som fødetilbodet, for å få råd til investeringar.

Til slutt: Sundsbø snakkar usant når han skriv at eg ikkje var til stades i Stortinget under votering i saka om fødetilbodet i Møre og Romsdal, førre torsdag. For det var eg.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags