Gå til sidens hovedinnhold

Helseføretaksmodellen; Arbeidarpartiet sitt hjartebarn og prestisjeprosjekt

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Sei hei til helseføretaksmodellen! Sidan Arbeidarpartiet, saman med Høgre og Frp, i 2001 i hui og hast trumfa igjennom helseføretaksmodellen, har helse-Noreg vore drive etter New Public Management og stykkprisfinansiering. Sjukehusa våre er som aksjeselskap, og målet er å drive pasientbehandling med overskot. Omsynet til pasienten kjem i neste rekke. Skal vi verkeleg ha ein helsepolitikk der det er viktigaste er å ha mest pengar i kassa, ikkje å gje pasientar den beste behandlinga? Ja, i følgje Arbeidarpartiet.

Innføringa av helseføretaksmodellen

I Kristiansund vart fødeavdelinga i februar flytta til Molde, trass eit stortingsfleirtal med Senterpartiet som slo fast at vi skal ha fødeavdeling både i Kristiansund og i Molde. Eit stortingsfleirtal har diverre ikkje så mykje å seie så lenge sjukehusa blir styra etter helseføretaksmodellen. For då Arbeidarpartiet innførte helseføretaksmodellen for 20 år sidan, så droppa ein alle demokratiske prinsipp.

Det er ikkje politikarar og folkevalde som styrer helse-Noreg i dag, men dresskledde folk i profesjonelle styre utan forankring i folket. Dei kan gjere store og plutselege endringar i den daglege drifta av sjukehusa våre, noko nettopp flyttinga av fødeavdelinga i Kristiansund er eit døme på. Dersom Arbeidarpartiet får vilja si og vidareføring av helseføretaksmodellen blir faktum, vil det føre heile Kristiansund sjukehus og andre lokalsjukehus ei usikker framtid i møte.

Det var i 2001 at Arbeidarpartiet plutseleg fekk bråhast med å innføre helseføretaksmodellen. Dei innsåg at det gjekk mot val og regjeringsskifte, og fekk difor dårleg tid på innføre modellen som skulle føre demokratiet og pasientane bak lyset.

Grunna hastverket vart det difor ikkje laga nokon NOU (utgreiing), ikkje noko regionalpolitisk vurdering, og heller ikkje langsiktige analysar av medisinske, helsepolitiske, samfunnsmessige eller økonomiske konsekvensar.

Reforma vart banka igjennom på ein av Stortinget sine siste dagar før sommarferien med helseminister Tore Tønne og helsepolitisk talsperson (og nordmøring) Asmund Kristoffersen i spissen. Eit fleirtal beståande av Arbeidarpartiet, Høgre og Frp støtta innføringa av modellen, medan Senterpartiet heilt frå byrjinga av var i mot og i 20 år har kjempa for å skrote heile helseføretaksmodellen.

Les også

Helseforetaksmodellen er overmoden for utskifting

Arbeidarpartiet vil legge ned sjukehuset i Kristiansund

Senterpartiet meiner vi treng tenester som sjukehus, nær folk. Det skal vere trygt og godt å bu i Noreg, anten ein bur på Smøla, i Volda eller Oslo. Det hjelper ikkje å ha store og «robuste» sjukehus om ein ikkje rekk fram til hjelpa i tide. Difor vil vi ha fire sjukehus i Møre og Romsdal; Volda sjukehus, Åse sjukehus i Ålesund, SNR på Hjelset og Kristiansund sjukehus i Kristiansund. Hjelpa må vere nær folk.

Arbeidarpartiet på si side vil legge ned sjukehuset i Kristiansund. Trur dei verkeleg at folk blør saktare i distrikta?

Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal kan tie og vri seg unna så mykje dei vil, men partiet sentralt ynskjer framleis føretaksmodell, noko som gjer at sjukehuset i Kristiansund og lokalsjukehus i andre deler av Noreg heng i ein tynn tråd.

Innføringa av helseføretaksmodellen har heilt frå starten av vore Arbeidarpartiet sitt hjartebarn og prestisjeprosjekt, og konsekvensane av det er dårlegare pasientbehandling. Men tydelegvis er det viktigare for dei å stå på sitt, enn å gå ut i samfunnet og sjå korleis politikken deira verkar i praksis.

Les også

Slik vil de erstatte den forhatte helseforetaksmodellen

Nei til helseføretaksmodellen!

Senterpartiet sitt alternativ er å avvikle helseføretaksmodellen og innføre eit styringssystem med sjølvstendige sjukehus underlagt folkevald styring. Vi vil halde makta nær folk og bevare lokalsjukehus i heile Noreg. Ved å la sjukehusa kome under folkevald styring att, sikrar ein kortare leiarlinjer og ein kan ansvarleggjere avgjerdstakarane, i tillegg til at folkevalde i motsetning til styra i helseføretaka er nøydd til å sjå det store bilete.

Berre eit sterkt senterparti kan sikre sjukehuset i Kristiansund

Arbeidarpartiet sin helsepolitikk er negativ for folket, sjukehusa, arbeidarane og demokratiet. Det einaste håpet for avvikling av føretaksmodellen og gode sjukehus i folkevald styring, er eit sterkt senterparti i regjeringsforhandlingar med Arbeidarpartiet, og ein helseminister frå Senterpartiet. Dersom vi blir store nok ved valet, kan vi forhandle oss fram til avvikling av helseføretaksmodellen.

Så: Om framleis sjukehus i Kristiansund, lokalsjukehus i heile landet og ein helsepolitikk som er meir oppteken av god pasientbehandling framfor å spare pengar, er viktig for deg, håpar eg du tenkjer på dette på valdagen den 13. september.

Kommentarer til denne saken