I Hurdalserklæringa vart det lova å halde eigenandelane ned på eit lågt niva i høve til Solbergregjeringa som ville auke eigenandelane til 2.921 i sitt statsbudsjett. Den nye regjeringa sette ikkje ned denne grensa. Grunngjevinga var at den nye regjeringa ikkje fann dekning for ein reduksjon. Forklaringa er forståeleg, men kan ikkje aksepterast ut frå forventningane.

Eigenandelar på helsetenester er ein ekstraskatt på sjukdom, som må fjernast. Eg har kjempa for å få fjerna eigenandelane i mange år, utan å ha nådd lenger enn til partiprogrammet.

Solbergregjeringa la i sitt budsjettframlegg for 2022 opp til å auke eigenandelstaket på helsetenester frå kr. 2.460 til kr. 2.921. I den nye regjeringserklæringa frå Hurdal heiter det at den nye regjeringa vil halde eigeandelane på eit lågt nivå, noko ein ikkje lever opp til med å vedta ein auke på nesten 20 prosent på eigenandelane.

Hurdalserklæringa ber bod om at ein er på sporet og kan kome på rett politisk veg om ein vil. Som eit av verdas rikaste land er det uverdig med ein slik ekstra skatt på den som vert råka av sjukdom, medan den som er frisk og ikkje treng helsetenester, slepp denne ekstraskatten. Eigenadelane er mest tyngande for den som tener minst og vil slik også kunne vere avgjerande for enkelte om ein kan søke legehjelp i tide.

Ei regjering for vanlege folk

Hurdalserklæringa startar med å slå fast at valet i 2021 handla om kva slags samfunn vi vil ha. «Resultatet ga eit historisk sterkt fleirtal for ei ny og meir rettferdig kurs for landet. Vanleg folk i heile landet vil at deira liv, utfordringar og interesser igjen skal stå øvst på dagsorden. Det beste med Norge er den høge tilliten vi har til kvarandre, og det sterke fellesskapet som bind oss saman. Små skilnader mellom folk og eit levande folkestyre har gjort Norge til eit av verdas beste land å bu i».

«Aukande avmakt tenester som vert privatisert og sentralisert og aukande ulikskap tærer på tillit, tryggleik og samhald» kan vi lese i den nye regjeringserklæringa frå Hurdal.

Intensjonen er eit godt argument for å fjerne dei usosiale eigenandelane, som vi har slite med i alt for lang tid. Den som har vore sjuk har fått evna til å kunne gle seg over det største av alt:

Å få vere frisk denne gleda gjer det lett å dele skattebøra for eigenandelane på alle!

Vonar å nå fram med dette synet i det nyvalde Stortinget, når dei får områdd seg og finn dekning, slik at eigenandelane ikkje berre vert halde på eit lågare Høgre-nivå, men vert nulla ut og fjerna!