Når budsjettframlegget frå den nye regjeringa i Oslo vitnar om svake miljøambisjonar.

Når finansministeren har glede av å understreke budsjettframlegget med dieselbilkøyring.

Når dei ytste høgre-kreftene kan gratulere Ap og Sp med budsjettforslaga.

Når miljørørsla heime og ute vender tommelen ned.

Når AUF og ungdomsorganisasjonane flest synest å miste gløden og optimismen.

Når norske forhandlarar i Glasgow ikkje får medvind heimanfrå til den globale miljøkampen

Då er det lite grunn for oss seniorane til å gle seg.

For då synest framtidsutsiktene for barn og barnebarn og kloden mørk.

Og etter oss kjem ragnarokk.