Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Raudsand-aktørane ved Geir A. Sørensen påstår at Molde kommunestyre har fatta eit ulovleg vedtak og at Molde kommune har ansvar for å rydde opp. Fleire vil nok vere einig med han i det. Mellom andre ordførar Torgeir Dahl og dei i kommunestyret som vil ha lovligheitskontroll på vedtak fatta av kommunestyret. Eg trur først og fremst at dei er ueinige i vedtaket og vil gje tillatelse til å fylle drygt 1 million tonn avfall oppå det gamle deponiet. Dekke til, ikkje rydde opp. Kommunestyret tillot å dekke til, men ikkje fylle opp med ein million kubikk avfall oppå der igjen. Skal det vere å ikkje ta ansvar og vere ulovleg?
Det kan hende at vedtaket er ulovleg, og i ein rettsstat som Norge er det rettsvesenet som i siste omgang avgjer slikt. Av statsmaktane er det kun den dømmande, rettsvesenet, som hittil har handla slik at svakaste partane i saka har blitt hørt. Folket som bor på Raudsand og miljøet i Sunndalsfjorden. Høgsterett sin dom i Raudsand saka er ein påle i norsk miljø- og industrirett; Industrien kan ikkje ustraffa utsette miljøet og boområder for miljøgiftar.
Nesset kommune har nyss blitt slått i hop med Midsund og Molde kommune. Raudsand aktørane meiner at Molde kommune skal godta blindt vedtak fatta i Nesset kommune. Og om ikkje sitt Molde kommune med ansvaret for å rydde opp etter industriskandalen!
Dette stemmer sjølvsagt ikkje. Det er staten sitt ansvar når konkurs inntrer og det må ryddast opp etter miljøtragedien. Staten har hittil ikkje gjort det han har lova via ei lang rekkje statsrådar. Staten har gitt tillatelse til å dekke til ikkje rydde opp i spesialavfallet. Dette er etter mitt syn ulovleg og staten prøver via kommunaldepartemenet, miljøverndepartementet og Miljødirektoratet å få Molde kommune til å gjere nokke som ikkje held dagens standarder for korsen ein handterar farleg avfall.
Så kan ein sei at det er rimeleg at staten får områ seg og inngå avtalar med nye næringsaktørar og rydde opp. Men då får staten gå inn med midlar og dekke opp for eit eventuelt underskudd det vil vere å rydde opp og ikkje dekke til i det gamle deponiet. Molde kommunestyre har gått langt i legge til rette for at det skal dekkast til og ikkje ryddast opp. Men vi satte foten ned ved 1 million kubikk nytt avfall oppå det gamle. Vi tok vårt ansvar, men lot det ikkje ta heilt av.
Sørensen viser på beste vis at verken han eller Raudsand aktørane er spesielt truverdige i det å handtere farleg uorganisk avfall.
Anne-Karin Sjøli kjem med påstandar om at eg mottek pengar frå nokken. Påstandar så ville at eg undrar korsen nokken redaksjon kan sette dei på trykk.