Har ikkje nødvendig legitimitet

Illustrasjoner for kryssingen av Romsdalsfjorden fra Vik i Vestnes kommune til Julbøen i Molde kommune. Hengebrua sett mot Julbøen.

Illustrasjoner for kryssingen av Romsdalsfjorden fra Vik i Vestnes kommune til Julbøen i Molde kommune. Hengebrua sett mot Julbøen. Foto:

Av
DEL

MeningerRapporten frå Statens vegvesen Midt av 06.12.19 om vurdering av alternativ for kryssing av Romsdalsfjorden er svært kontroversiell, og inneheld tendensiøse kostnadstal og argument. Derfor har rapporten ikkje nødvendig legitimitet, tyngde og truverd til å avgjere ei så viktig sak som aksesaka er på eiga hand, og derfor er det avgjerande at konklusjonane i rapporten vert prøvde i ein kvalitetskontroll.

Fagleg sett bør Nye Veier AS vere rett instans til å gjennomføre ein slik kvalitetskontroll, jamvel om dei står i eit visst konkurransetilhøve til Statens vegvesen. Men her bør omsynet til kva som er best for samfunnet vere avgjerande. Her er det så store samfunnsinteresser og økonomiske kostnader i spel, at ein kvalitetskontroll bør vere sjølvsagt. I motsett fall vil denne viktige saka mangle nødvendig legitimitet, noko som vil vere svært uheldig for befolkninga sin tillit til Statens vegvesen, og til det vidare arbeidet med planane om fergefri kryssing av Romsdalsfjorden/Moldefjorden og alt det andre arbeidet som Statens vegvesen står bak.

Tillit må opparbeidast, og kan lett rivast ned.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags