Handle lokalt når mogleg

Hald fram med å handle lokalt, sier Jenny Klinge.

Hald fram med å handle lokalt, sier Jenny Klinge.

Av
DEL

MeningerTK hadde 14/2 ei sak om at COOP Bøfjorden køyrer varer heim til folk som ønskjer det no under koronakrisa. Det er flott at TK i denne saka også refererte til at eg på Facebook har oppmoda folk til å handle lokalt i staden for på nett når dette er mogleg. Eg ønskjer å utdjupe kva eg meiner med dette.

Eg har sjølvsagt forståing for at folk er redde for å bli smitta eller for å smitte andre, og netthandel kan vera eit godt alternativ for somme varer uansett. Men koronakrisa fører til at mange lokale butikkar og bedrifter får problem, og vi forbrukarar kan påverke graden av trøbbel som handelsstanden får ut frå kor vi handlar og kor vi legg att pengane våre. Så i tillegg til det TK refererte til, skreiv eg også dette på FB:

«Ja, handle på nett når det er nødvendig, men hald fram med å handle lokalt og i fysiske butikkar når det er mogleg. Dette kan gjerast utan nærkontakt med andre dersom vi er bekymra for smitte. Eg er sikker på at butikkeigarar og tilsette vil leggje til rette for at du får henta og betalt varene utan at du må stå i kø. Kanskje nokon av dei til og med leverer varer utanfor døra di, eller kan sende produktet. Tenk kreativt - og tenk på at vi kjem til å ha behov for lokale verksemder når denne krisa er over òg.»

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags