NYNORSK I SKULEN

Artikkelen er over 10 år gammel

- Noregs mållag kom tidlegare i vår med eit forslag om å innføre nynorsk i barneskulen. Men så seint som i 5. klasse! Kvifor er ikkje forslaget for 1. klasse? Som dei fleste veit er det mykje lettare å lære ein ting om ein introduserast for det tidleg, og ein får dei riktige haldningane til faget. I dag er det slik at når ein kjem i 8. klasse så seier pensum at ein skal kunne skrive stil på båe målføra, men ein har då ikkje hatt undervisning i meir enn eit av dei! Det seier seg sjølv at ungdomane kjem til å kjenne sinne og kanskje forakt mot dette. Og fører det gjerne over til faget, og ikkje systemet. Få nynorsken inn på barneskulen! Slepp nynorsken til! Helsing ung jente som skriv på nynorsk:)

DEL

Artikkeltags