«Gullmåse 2020» – Nordmørspris eller berre vennefest for miljøet rundt Kulturfabrikken?

Aktørene bak «Gullmåsen» må bruke meir tid på førehand, og profilere seg betre og breiare neste gong, Bjørn Tore Brøske.

Aktørene bak «Gullmåsen» må bruke meir tid på førehand, og profilere seg betre og breiare neste gong, Bjørn Tore Brøske. Foto:

Av
DEL

MeningerÆre og oppmerksomheit til lokale kulturaktørar er i prinsippet alltid bra. Difor hadde eg ei viss forventning til Gullmåsen 2020, musikkvideoprisen som vart arrangert av Kulturfabrikken Kristiansund fredag 29. mai.

At offentleggjeringa av utdelinga dukka opp litt brått og nesten «hemmeleg» som eit arrangement på Kulturfabrikken si Facebook-side berre ei veke før utdelinga, får så vere. At det går litt fort i svingane av og til, er vi vant med, vi som på ulike måtar har vore engasjert i musikk- og kulturlivet gjennom mange år. Eit arrangement som vil heidre nordmørske musikkvideo-skaparar er uansett verdt å applaudere.

Men vart «Gullmåsen 2020» ein heider av musikarar, låtskrivarar, filmskaparar, regissørar og kreative band frå Nordmøre? Nei, den vart eigentleg ikkje det. Den vart primært ein fest for musikkmiljøet i Kristiansund, og da særleg miljøet rundt Kulturfabrikken. No i ettertid ser den også nesten ut som ein solid lanseringsfest for Clint Nilsson & The mandela effect sin blodferske musikkvideo «Mørketall m/tellekant».

Daniel Westad tok en storeslem på Gullmåsen

Skal dele ut Gullmåsen: – Det blir musikkvideoer i mange forskjellige sjangere, alt fra metall til klassisk

Sjølv hadde eg som administrator av Facebook-sida «Musikk frå Nordmøre» ikkje høyrt om det nye videoprisarrangementet før Clint Nilsson & The mandela effect måndag 25. mai sendte sin heilt nye musikkvideo hit, og dei nemnde at videoen var nominert til Kulturfabrikken sin videopris «Gullmåsen 2020». Mange andre musikarar eg har vore i kontakt med, ante heller ikkje noko om arrangementet.

I eit Google-søk fann eg «Gullmåsen 2020», som var offentleggjort 22. mai på Facebook. I «Mørketall»- videoen (og den er tøff, den!) såg eg også at sentrale personar i Kulturfabrikken var blant dei som fekk ein stor takk i rulleteksten.

I tillegg til å ville gjere arrangementet kjent på «Musikk på Nordmøre»-sida, ville eg også melde på ein musikkvideo eg som utflytta surnadaling har vore med på som tekstforfattar og produsent, og med surnadalingar som både vokalist/låtskrivar og som fotograf. Det skjedde naturleg nok i siste liten, sidan påmeldingsfristen var 27. mai. Kulturfabrikken svara ærleg nok at dette året blir litt «rart», men at dei ikke kan utsetje alt.

Noko som ikkje kom så spesielt godt fram i promoteringa av «Gullmåsen», var at det skulle delast ut fleire prisar som skulle avgjerast ved avstemming på nett. Det fekk i alle fall ikkje eg som deltakar beskjed om.

Først no i ettertid, etter å ha lese Tidens Krav sitt referat frå prisutdelinga, ser eg at det vart lagt ut ei avstemming på arrangementet si Facebook-side knappe 48 timar før sjølve prisutdelinga, og med deling på KSU 24/7 si side om ettermiddagen 29. mai – altså sjølve prisutdelingsdagen. Litt interessant er det sjølvsagt at vedkomande som oppretta avstemminga på vegne av Kulturfabrikken, også er med i Clint Nilsson & The mandela effect – og sanneleg leda sjølve showet også, ifølgje TK. Han la sjølvsagt også ut avstemminga både på si eiga og Clint Nilsson & The mandela effect sine Facebook-sider for å få folk til å stemme. Skulle berre mangle. Det hadde eg også gjort for å få folk til å stemme på låta eg var involvert i – om eg da berre hadde fått vite at det var lagt opp til ei slik publikumsavstemming.

At kåringa av ein annan «Gullmåsen»-pris, «Oldiser»-prisen», vart lagt ut til publikumsavstemming på nærradioprogrammet Grønne Løker si Facebook-side knappe tre og ein halv time før prisutdelinga skulle starte, seier nok litt om at arrangementet har gått litt i hyrten og styrten (43 stemmer var da også nok til at Villrosa vann kategorien).

No er ikkje poenget med denne kommentaren å skrive ned verdien av verken Clint Nilsson & The mandela effect, Villrosa, dei andre vinnarane eller arrangørane av «Gullmåsen». Kulturfabrikken gjer ein stor og viktig innsats for musikklivet i Kristiansund, og eg tvilar ikkje på at ønsket deira om å profilere resten av musikkmiljøet på Nordmøre også er ekte.

Difor ønskjer eg «Gullmåsen» lykke til med nye musikkvideokåringar i åra som kjem. Men da må dei både bruke meir tid på førehand, og profilere seg betre og breiare. I år såg «Gullmåsen» i det store og heilt ut som ein miks av kompisfest og kretsmeisterskap for Kristiansund med næraste omland. Skal prisen verkeleg bli ein Nordmørs-pris, som eg trur intensjonen var, er det berre å løfte blikket mot alt det spennande og bra som kreative sjeler også utanfor «by’n oss» held på med.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags