Gå til sidens hovedinnhold

Grøn omlegging av fiskeflåten

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Regjeringa har som ambisjon å halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030. For å få til det, vil vi bruke både pisk og gulrot: Auka CO2- avgift kombinert med støtteordningar for ny teknologi. Den auka CO2-avgifta skal bli kompensert med andre skatte- og avgiftslettar for dei næringane det gjeld. Det skal løne seg å velje grønt.

Assisterande direktør Jan Ivar Maråk i Fiskebåt skriv i Tidens Krav 23. februar at klimaplanen til regjeringa får dramatiske konsekvensar for fiskerinæringa. Auka CO2-avgift vil føre til at norske fiskarar blir utkonkurrerte av fiskarar frå andre land.

Til det vil eg seie at alle land kjem til å innføre strengare klimatiltak. Alle land skal få ned klimagassutsleppa sine i tråd med Paris-avtalen. EU vurderer no å innlemme skipsfarten i kvotepliktig sektor. Det vil derfor ikkje vere kostnadsfritt å sleppe ut CO2 for EU-fiskarar heller. Og dei som går føre med ny teknologi, vil ha eit konkurransefortrinn.

Stort potensial

Vi brukar ti år på å trappe opp CO2-avgifta. Det skjer ikkje over natta, nettopp for at fiskarar og andre næringsdrivande skal få tid til å tilpasse seg. Auka CO2-avgift er ikkje ein måte å få inn meir pengar i statskassa på, det er ein måte å framskunde overgang til ny teknologi på, ettersom det vil løne seg å få ned utsleppa. Den auka CO2- avgifta skal som sagt motsvarast av andre skatte- og avgiftslettar for dei næringane det gjeld.

Les også

Klimaplanen kan rasere villfisknæringen

Grøn omstilling av fiskeflåten er ikkje kome like godt i gang som omstilling innan andre fartøystypar som for eksempel ferjer. Men det er eit stort potensial for overgang til ladbare hybridelektriske framdriftsmaskineri og elektrisk dekksutstyr i fiskeflåten. Små fiskefartøy som går kystnært og har fast heimehamn store delar av året eignar seg godt for elektrifisering.

Enova gir støtte

Enova har støtta energi- og klimatiltak i 34 fiskefartøy med til saman 144 millionar kroner. Dei fleste prosjekta omfattar nybygg, men et finst også gode eksempel på at eldre fartøy kan ta i bruk energi- og klimateknologi.

MS «Nordbas» har fått støtte frå Enova til blant anna batteripakke, elektriske vinsjar og vannboren gjennvinning av motorvarme. Summen av tiltaka er berekna å gi nærare 30 prosent reduksjon i drivstofforbruk. I løpet av 2020 har også fem eksisterande fiskefartøy fått støtte til installasjon av landstraum, blant anna Nergard havfiske sin båt «J. Bergvoll».

Som del av regjeringas koronatiltak retta mot næringslivet blei det i fjor etablert ei eiga låneordning for skip i nærskipsfart og fiskeflåten. Ordninga gir lån til reiarlag som ønskjer å investere i låg- og nullutsleppsfartøy eller bygge om fartøy slik at utsleppa reduserast. Så langt er det gitt lån til bygging av eit fiskefartøy – eit stort ringnotfartøy som Selvåg Senior AS har motteke 30 millionar i lån til bygginga av.

Det er heilt rett som Maråk påpeiker: at dei større fartøya som er sjeldnare i hamn har større utfordringar. Difor må vi sjå på andre typar drivstoff for å få utsleppskutt frå desse fartøya, som hydrogen, ammoniakk og biodrivstoff. Her kan vi trekke ein parallell til vegtrafikken: Tunge lastebilar er per i dag ikkje like godt eigna til batteridrift som små personbilar. Likevel skal utsleppa ned også frå tyngre fartøy.

Prinsippet står fast

Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan for infrastruktur for alternative drivstoff i transport i 2019 og ein hydrogenstrategi i 2020. Vi jobbar no med eit hydrogenvegkart som del av energimeldinga som blir lagt fram seinare i år.

Styresmaktene medverkar til å utvikle og modne nye løysingar gjennom ulike støtteordningar som Pilot-E. I januar i år fekk for eksempel Moen Verft AS innvilga støtte gjennom Pilot-E på i overkant av 28 millionar kroner til ein hydrogenelektrisk oppdrettsbåt med tilhøyrande landanlegg for produksjon og bunkring av hydrogen. Dette er teknologi som på sikt kan overførast til større båtar, til dømes fiskefartøy.

Viss vi skal klare å halvere utsleppa frå skipsfart, må alle typar fartøy vere med på å kutte utslepp. Det gamle prinsippet i miljøvernlovgivninga om at forureinar skal betale, står fast. Vi må legge til rette for eit skifte frå fossile drivstoff til løysingar med null eller lågare utslepp.

Eg meiner det avgiftsnivået vi har lagt oss på er ei god avveging mellom utsleppskutt og omsynet til lønsemda til norsk næringsliv. Vi skal kutte utsleppa, ikkje utviklinga.

Kommentarer til denne saken