Norsk sykepleierforbund (NSF) sine seniorsjukepleiarar i Møre og Romsdal gratulerer oss alle med 110 år i dag 24. september.

Tenk, 110 år har NSF stått på for pasienten, helsevesenet og sjukepleiarane sine vilkår. Det som er så fint med NSF, er at det er ikkje berre interessepolitikk som er i fokus, men også fagpolitikk og samfunnspolitikk.

Vår noverande forbundsleiing har vore svært tydeleg på det fagpolitiske med slagordet Faget i front. Men også det samfunnspolitiske med å påverke helsepolitikken i riktig retning er viktig. Og sjølvsagt skal sjukepleiarane ha arbeidsvilkår som gjer at ein kan stå i arbeid eit heilt arbeidsliv, og løn etter kompetanse og ansvar.

Vi som er «seniorsjukepleiarar» har lang røynsle frå arbeidet vårt, og mange av oss er framleis opptekne av å påverke til gode helsetenester. Vi vil gjerne bli lytta til av dei som har beslutningsmynde. Dessverre er det ein flukt frå sjukepleieyrket, og det er synkande søkjartal til utdanninga. Derfor må yrket gjerast attraktivt ved at belastninga i det daglege må reduserast. Det må bli politisk vilje til å satse på god grunnbemanning, og seniorsjukepleiarar er også ein resurs som kan nyttast meir enn i dag. I pandemien og arbeidet som har fulgt med den, har vi sett kor stor ressurs pensjonerte sjukepleiarar og anna helsepersonell har vore, bl.a i vaksineringsarbeidet.

NSF har alltid vore opptatt av utdanning, og tok frå første dag inn berre utdanna «søstre» som medlemmar. I vår tid er organisasjonen førstevalet til dei fleste sjukepleiarar, jordmødre og sjukepleiestudentar. Vi i seniorsjukepleiargruppa i Møre og Romsdal vil sterkt frårå dei som går ut av yrkesaktivt liv til å melde seg ut. Ein har framleis gode medlemsfordelar, og vi har faste møter 4 gongar pr. år.

Gratulerer med dagen den 24. september! Og god vakt til deg som er på arbeid!

Les også

Sykepleierne jubilerer