Gå til sidens hovedinnhold

Grådigheitskulturen på Løvebakken

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Den som har trudd at dei som styrer landet og vedtek lovene er meir lovlydig enn vi andre, må tru om att. Den eine avsløringa etter den andre har vist at stadig fleire vert tekne for det eg kallar økonomisk utruskap, frå våre fremste folkevalte. Dette er skuffande og råkar og dei som er ærlege og held seg innanfor regelverket.

Grådigheitskulturen på Stortinget toppar seg når stortingspresidenten hardnakka krev å bli trudd på at ho kan ha misforstått eit 5 linjers regelverk for å få pendlarbustøtte.

Når ein bur ein stad innanfor og leiger hybel ein annan stad utanfor, tyder det meir på at ein er ute for å finne smutthol for å «mjøle si eiga kake».

Stortingsrepresentantar vert med jamne mellomrom tekne for å ha berika seg på å skrive falske reiserekningar. Ein stortingsrepresentant har ei årsløn på kr 987 997,- og ei rekkje økonomiske fordeler som gratis bustad om ein bur meir enn 40 km frå Stortinget.

Det er og slik at tenestereiser vert dekt for stortingsrepresentantar. Dette vart misforstått av ein representant for Frp, som kravde dekt reise- og hotellovernatting til fødselsdag til eit familiemedlem. Ropstad tok konsekvensen av å verte avslørt og gjekk av som statsråd og partileiar. Det same har no stortingspresidenten gjort. Stortinget kan ikkje vere bekjent av å ha ein slik president!

Ropstad nekta på same måte, som stortingspresidenten, på at han hadde gjort noko gale, berre misforstått reglane. Når vankunna er så stor millom våre fremste politikarar, reiser det spørsmålet om manglande skolering der det er heilt tydeleg at det er manglande forståing av kva som er rett og galt. Det manglar og evne til å skilje mellom mitt og ditt. For det er mitt det som dei urettmessig berikar seg med og tek frå fellesskapet.

Når ein stortingspresident som fast tener kr. 1 735 682.- i året treng å lure til seg gratis bustad, er det snakk om ein grådigheitskultur som har teke overhand.

Det vert no opp til finansministeren om han vil starte i eige hus for om mogeleg å stoppe grådigheitskulturen og rette opp det tragiske inntrykk folk flest sit at med. Det er, at på Stortinget løner det seg å ikkje forstå noko økonomisk regelverk, eller kunne skilje mellom mitt og ditt. Eller at ein ikkje forstår skilnaden på kva som var rett eller galt.

Difor bør det i framtida krevjast ei økonomisk sertifisering for dei som ønskjer å stille til val på Stortinget!

Les også

Stortingspresidenten trekker seg – politiet skal etterforske pendlersakene

Kommentarer til denne saken