Det har over lang tid vakse fram ein grådigheitskultur i samfunnet, som det må settast ein stoppar for. Det er lønene til leiarar både i staten og det private næringsliv som av ymse grunnar, er kome på avvegar og vorte himmelhøge. Lønsnivået er drive fram av ein klikk der alle støttar alle og på denne måten er ein kome i det uføret vi er i dag.

Nytt regulativ

Det må innførast eit heilt nytt lønsregulativ som gjer det mogeleg for styra med ei lønsplassering der ein til dømes har statsministeren på topp og ingen skal ha høgare løn. Eit slikt regulativ vil gjere det lettare for styra med innplasseringar i regulativet.

Når ein næringslivsleiar har ei løn på t.d. 5 mill og ei bonusordning som i tillegg kan gje eit liknande beløp, må etter mitt syn noko vere gale. Bonusane som er skapt av eit godt driftsresultat, må delast likt på alle medarbeidarar om det skal gje den inspirasjonen bonusen skal ha for bedrifta. Bonus berre til leiar er ei glede for han, men berre forsurar arbeidsmiljøet i resten av bedrifta.

Den nye finansministeren har uttala at han vil fryse leiarlønene i staten for å unngå ein lønsadel i statlege selskap. Han ønskjer å snu utviklinga med høge leiarløner i staten og der staten er medeigar. Han vil at regjeringa skal sette på bremsa med full kraft, og det må kome eit nytt sjefsregulativ som styrer leiarlønene.

Etterløn

Leiarar som ikkje klarer jobben dei har teke på seg, bør ikkje ha rett til å få opp til ei heil årsløn i etterløn etter at dei har slutta. Rette –«eldsjeler» slokar ikkje om dei ikkje får millionløner.

Signal til næringslivet Dette vil også sende eit sterkt signal til organisasjonane og det private næringsliv, som har stått i fremste rekkje når det gjeld høge leiarløner og bonusar. Både landbrukssamvirket og forbrukarsamvirket er råka av same grådigheitskulturen. Her er det styret som manglar styring og direktørskiktet har hausa opp kvarandre til dagens lønsnivå. For landbrukssamvirket hadde eit større måtehald i leiarskiktet gjeve høgare utbetalingar til bøndene.

Stortinget har i lang tid streva mede småsnusk der representantar har skrive falske reiserekningar. Nyleg vart ein av leiarane i Kristeleg folkeparti teken for urettmessig bustøtte. Det siste er at ein politikar som har slutta på Stortinget, søkte om etterløn i tre månader då den jobben han skulle gå tilbake til, hadde lågare løn. Når Stortingets presidentskap nektar riksrevisjonen å rydde opp i virvaret i Stortinget, er det også eit døme på at grådigheitskulturen står alt for sterkt i vårt samfunn. Det er difor på høg tid at nokon grip inn og får slutt på denne ukulturen.

Kommunen

Kommunedirektørar er også sterkt lønsdrivande og i dei høve lønene til ordførar er likestilte, framstår dei ofte som kvarandre sine lønspådrivarar.

Stortinget er våre fremste folkevalte og lovgjevande forsamling, som skal styre dette landet. Finansministeren tek sitt ansvar når han vil stoppe og fryse denne utviklinga. Statistikken viser at leiarlønene særleg i helsesektoren har eksplodert, og styra har ikkje lenger styring på lønsutviklinga og treng hjelp i lov og regelverket om våre skattekroner skal gå til dei som treng hjelp og ikkje til dei som «mjølar si eiga kake».

Manglande skamvet

Denne utglidinga har med manglande skamvett å gjere, og eg vonar Vedum får alle gode krefter med seg på å luke vekk dette ugraset, som om det får halde fram å vekse, vil vere drepande for samfunnet både økonomisk og arbeidsmoralsk.